Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Gode miljøval i Stavanger
  5. Støtte til elbil-lading i bedrifter

Støtte til elbil-lading i bedrifter

Kort fortald

Stavanger kommune kan gje støtte til bedrifter som skal oppgradere eller etablere infrastruktur for lading av el-varebilar, klasse to, som bedrifta nyttar til dagleg drift. Kommunen har 1,2 millionar kroner å fordele til slik støtte.

Støtteordninga skal bidra til å redusere utslepp av klimagassar i Stavanger, ved at fleire får moglegheit til å gå frå bensin- og dieselbil til elbil.

Information in other languages

Kven kan søkje om støtte?

  • Bedrifter i Stavanger kommune.
  • Ordninga gjeld berre for bedrifter som skal nytte ladestasjonane til verksemda sine eigne bilar.
  • Ved leige av parkeringsområde og/eller ladeinfrastruktur er det likevel den bedrifta som skal nytte ladeanlegget, som skal søkje og sende inn ferdigmelding. Bedrifta får støttebeløpet, men saman blir de samde om korleis støttebeløpet skal fordelast mellom bedrift og utleigar.

Kva kan de søkje om støtte til?

  • Installere infrastruktur til lading av eigne el-varebilar, eller til el-varebilar som bedrifta planlegg å kjøpe eller lease.
  • Etablere ladeinfrastruktur til dei einskilde ladepunkta på parkeringsområde som bedrifta sjølv eig eller leiger.
  • Installere system som gjer at fleire ladarar kan dele kurs i el-tavla (lastdeling).
  • Denne støtteordninga gir ikkje tilskot til sjølve ladestasjonane på parkeringsplassane, men de kan søkje om støtte til både elbil-ladar og el-varebil hos Enova på www.enova.no.

Kor mykje gir kommunen i støtte?

  • Maksimalt støttebeløp per søkjar er 50 000 kroner.
  • Støtta kan maksimalt utgjere 20 prosent av pristilbodet for ladeinfrastrukturen.
  • Støtta skal ikkje utgjere meir enn maks 10 000 kroner per ladepunkt.

Kva får de ikkje støtte til?

Støtta frå Stavanger kommune må vere avgjerande for at prosjektet blir gjennomført. Det vil seie at det ikkje kan søkjast om støtte til prosjekt som:

  • allereie er bestilt
  • er under oppføring før søknad er send
  • er etablerte eller oppgraderte.

Det blir heller ikkje gitt støtte til sjølve ladestasjonen eller til drift av anlegget.

Korleis søkjar de?

Ved leige av parkeringsområde og/eller ladeinfrastruktur må søknad og ferdigmelding blir gjort i samarbeid med utleigar.

Vårt råd er å innhente tilbod frå fleire installatørar.

Pristilbod frå installatør blir lagt ved søknadsskjema.

Søknadskjema for støtte til ladeinfrastruktur

Frist for å søkje om støtte er 1. juni 2021. De vil få svar på søknaden innan 3 veker.

Når tilsegn er motteke og ladeprosjektet er ferdigstilt, sender de inn Ferdigmeldingskjema, med dokumentasjon (faktura) på totale utgifter.

Ferdigmelding for å få utbetalt støtte til ladeinfrastruktur

Kommunen betaler ut støtta til bedrifta etter at vi har fått ferdigmelding med naudsynt dokumentasjon.

Kontaktinformasjon

Nicolai Songe-Møller

Mobil:
474 58 842
E-post:
nicolai.songe-moller@stavanger.kommune.no