PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Samfunnsutvikling
  3. Samfunnssikkerhet og beredskap
  4. Stavanger72

Eigenberedskap: Slik klarar du deg i ei krise

KORT FORTALT

  • Har du det du treng heime, i tilfelle du må klara deg utan straum, vatn og internett i 72 timar?
  • Eigenberedskap handlar om korleis kvar enkelt av oss er rigga for ei krise. På denne sida gir vi nokre gode råd!
  • English? Choose "Change language" in the top menu.
Illustrasjon av bybroen og to skilt med M for møteplass

Vi lever i eit av dei tryggaste landa i verda. Likevel kan det oppstå kriser som gjer at vi som innbyggarar må klara oss sjølv i nokre dagar. I alle fall vi som er friske. Dei siste åra har vi i Noreg opplevd pandemi og ekstreme vêrhendingar som har føra til ras og flaum. Slike hendingar påverkar kvardagslivet til innbyggarane. Når krisa rammar må kommunen prioritera å bruka ressursane sine på dei som treng det aller mest.

Kvifor snakkar vi om 72 timar?

Kampanjen Stavanger72 handlar om at du må kunna ta vare på deg sjølv og dine næraste i 72 timar (tre døgn), i tilfelle straumen går, vatnet forsvinn, mobildekninga og internett fell ut, eller ei anna slags krise hender. Det er dette som blir kalla eigenberedskap. Dersom flest mogleg sørgjer for ein god eigenberedskap og har eit lite lager heime, skapar vi eit meir robust samfunn.

Ha eit lager heime

Viss straumen blir borte eller du blir isolert av vêret eller andre forhold, må du kunna ta vare på deg sjølv i nokre dagar. For å dekka grunnleggande behov i 72 timar, treng du varme, vatn, mat, nødvendige legemiddel, sanitærartikler og moglegheit for å halda deg orientert om kva som skjer.

Dette bør alle ha heime:

  • Drikkevatn: 3 liter vatn per person per døgn (til drikke og matlaging)
  • Lommelykt/hovudlykt med ekstra batteri
  • Fyrstikker og stearinlys
  • Førstehjelpsskrin og medisinar du er brukar. 
  • Langtidshaldbar mat, t.d. pasta, knekkebrød og hermetikk. Hugs bokopnar!
  • Stormkjøkken og ekstra gass
  • Varme klede (huset blir fort kaldt, viss straumen går)
  • Varme teppe/sovepose
  • Kontantar (i tilfelle bank- og betalingsterminalar ikkje verkar)
  • Verktøy: Hammar, spikar, multikniv og gaffateip til små reparasjonar i huset, viss noko skulle bli øydelagt i ekstremvêr.
  • Hald varmen med alternative varmekjelder (ved-, gass- eller parafinomn). Ein god hugseregel er 30 liter ved per døgn.
  • Hald mobilen opplada med batteridriven mobilladar (nødladar) og/eller USB-ladar til sigarettennaruttak i bil.
  • Brannsløkkar
  • Radio med batteri
  • Toalettsaker, handsprit, munnbind og søppelsekkar (til nødtoalett) til nødvendig hygiene.
  • Det blir tilrådd å ha jodtablettar for barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande. Blir kjøpt på apotek og blir tatt etter råd frå styresmaktene. 

Illustrasjoner av ting fra et beredskapslager

Vurder også om du bør ha:

  • Utstyr til baby (babymat, morsmjølkerstatning, bleier, våtserviettar for 72 timar) 
  • Kopiar av pass, førarkort og kontaktlister
  • Mat og vatn til kjæledyret til familien

Nyttig å ha under ei krise

  • Kort og brettspel som får tida til å gå
  • Sjokolade, nøtter og annan energi
  • Favorittleikar og kosedyr

Illustrasjon av en vannkran og teksten: "72 timer uten"

Her kan du halda deg oppdatert

Gode kjelder til informasjon under ei krise:

Norges Blindeforbund har saman med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) laga brosjyren «Du er ein del av Noregs beredskap» til blinde og svaksynte som les punktskrift. Brosjyren er også tilgjengeleg som lydfil. Eigenberedskap for blinde og svaksynte

Planlegg i tide
Lag din eigen plan over dine næraste kontaktar, også dei som bur langt vekke. Tenk også gjennom om det er nokon i nærmiljøet ditt som du bør ha med på lista. Den planen du no lagar, kan du skriva ut og oppbevara i papir i tilfelle mobilnettet forsvinn. Skriv ned telefonnummer, og avtal på førehand ulike stadar dokker kan møtast i krisesituasjonar. Kan hende dokker må møtast på andre stadar enn heime.

Teksten "72 timer uten" og illustrasjon av en mobiltelefon

Tilfluktsrom i Stavanger

Offentlege tilfluktsrom er bygga for å kunna gi vern til befolkninga i ein beredskapssituasjon. Stavanger kommune har 12 tilfluktsrom, sjå kart over offentlege tilfluktsrom her og les meir hos Sivilforsvaret.
I tillegg finst det mange private tilfluktsrom. Desse er bygga for dei som normalt oppheld seg på eigedommen; til dømes skular, butikkar, bedrifter og forsamlingslokale.

Vanlege spørsmål

Kvifor er eigenberedskap viktig?
Noreg er eit av verdas tryggaste, stabile og mest moderne land. Vi er vant til at det meste fungerer som det skal. Vi vaknar opp i ein varm bustad med reint vatn i springen og nett på mobilen. Det har også gjort oss sårbare. Klimaendringar bidrar til meir ekstremvêr, som blant anna kan ramma forsyning av vatn, straum og mobilnett. Derfor bør vi allereie no tenka over korleis vi best mogleg kan førebu oss dersom noko skulle skje.

I ein krisesituasjon må hjelpa ut til dei som treng det mest. Det er derfor viktig at alle førebur seg på ei krise, slik at flest mogleg kan klara seg sjølv i inntil tre døgn. I tillegg til å ta vare på deg sjølv og familien din, bør du tenka gjennom om det er fleire rundt deg som kan komma til å trenga di hjelp i ei krise. Vi er alle ein viktig del av beredskapen i samfunnet.

Kva kriser er det eg skal førebu meg på?
Ekstreme hendingar kan forårsaka ei krise som kan få store konsekvensar. Strømmen kan forsvinna, mobilnettet kan slutta å fungera, vassforsyninga kan stoppa, vatnet kan bli forureina, vegar kan bli stengt, og vareforsyninga kan stoppa opp. Viss du førebur deg er du betre rusta til å møta slike utfordringar.

Korleis veit eg når det er ei alvorleg krise?
Ved kriser, ulykker og ekstremvêr er det viktig at du har tilgang på offisiell informasjon om kva som skjer og kva du bør gjera. NRK P1 skal sikra informasjon til publikum ved ei krise.

Nokre tips for å sikra god tilgang på viktig informasjon:

  • Ha ein DAB-radio som går på batteri.
  • Ekstra sett batteri.
  • Viss du har bil, kan denne blir brukt til å lytta til radio og til å lada opp mobiltelefon

I spesielle situasjonar kan Stavanger kommune varsla befolkninga gjennom SMS.

Sivilforsvarets varslingsanlegg med sirener skal varsla befolkninga ved akutt fare. Når tyfonane tutar i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane betyr det «viktig melding – lytt til radio» Viss du høyrer dette signalet skal du søka informasjon. Via radio (NRK p1), tv, kriseinfo.no og sosiale medium vil du få informasjon om kva som skjer og korleis du skal vera. Sivilforsvarets varslingsanlegg blir brukt både i krig og fred.

Kvar kan eg finna næraste offentlege tilfluktsrom?
Offentlege tilfluktsrom er bygga for å kunna gi vern til befolkninga i ein beredskapssituasjon. Stavanger kommune har 12 tilfluktsrom, sjå kart over offentlege tilfluktsrom her og les meir hos Sivilforsvaret.
I tillegg finst det mange private tilfluktsrom. Desse er bygga for dei som normalt oppheld seg på eigedommen; til dømes skular, butikkar, bedrifter og forsamlingslokale.

Kva er det viktigaste eg kan gjera for å vera førebudd?
Det er å tenka gjennom kva du/familien din treng for å klara dokker i ei krise i inntil tre døgn. Snakk gjerne saman om kva som er lurt å ha i huset og kva dokker bør ta med dokker dersom dokker må evakuera. Sjå liste over anbefalt mat/utstyr og tilpass denne til behova dine.

Må eg kjøpa jod-tabletter?
Ja, viss du er under 40 år, gravid, ammande eller har barn under 18 år som bur heime. Styresmaktene tilrår deg å ha jodtablettar i beredskap heime. Tablettane skal berre takast etter råd frå styresmaktene. Jodtablettar kan kjøpast reseptfritt på apoteket. Ved til dømes ei atomulykke kan radioaktivt jod bli spreidd via lufta, og takast opp via skjoldbruskkjertelen når ein pustar inn forureina luft og/eller inntar forureina mat eller drikke. Ved å tilføra stabilt jod (Jodix) blir opptaket blokkert av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen. Risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen reduserast dermed. Dette gjeld også gravide og ammande.

Tablettane skal berre takast etter råd frå styresmaktene. Det vil ofte samtidig bli gitt råd om å opphalda seg innandørs i opptil 2 døgn. Derfor er det viktig å ha tablettane lagra heime. Jodtablettar blir kjøpte reseptfritt på apotek og kostar rundt 250 kroner for 10 tablettar. For meir informasjon sjå: Jodtablettar ved atomulykker – DSA

Alle skular og barnehagar i Stavanger kommune har jodtablettar lagra for utdeling i skuletida. Jodtablettane blir berre delt ut etter råd frå styresmaktene. Jodtablettar i skular og barnehagar

Kor lenge held lagra vatn seg?
Vatn som blir oppbevart i rein, tett emballasje har tilnærma uavgrensa haldbarheit. Byt gjerne ut vatnet ein gong årleg. Vatnet må oppbevarast kaldt, mørkt og frostfritt.

Kor lenge må vatn koka for å bli reint?
Dersom det er mistanke om at vatnet kan innehalda helsefarlege mikroorganismar, og at vatna derfor kan gi sjukdom, vil du bli rådet til å koka vatnet. Vatnet må då fosskoka 1 minutt.

Kvar kan eg få informasjon dersom straum og internett blir borte lenge?
Du blir tilrådd å ha ein batteridriven DAB-radio. NRK har eit beredskapsansvar og vil saman med Sivilforsvarets tyfonanlegg sørgja for nødvendig informasjon til befolkninga i ei nasjonal krise eller katastrofe. Lytt derfor til NRK P1. I ei langvarig krise der straum og internett er borte over tid, kan det bli nødvendig at kommunen opprettar eit eige senter du kan oppsøka for å få nødvendig informasjon.

Kontaktinformasjon

Tore Rannestad

Beredskapsrådgiver
Avdeling for beredskap og samfunnsutvikling

E-post:
tore.rannestad@stavanger.kommune.no

Torstein Nielsen

Beredskapssjef

E-post:
torstein.nielsen@stavanger.kommune.no