PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Barnehage og skule
  3. Skole
  4. Elever med spesielle behov
  5. Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT)

Til Info

Kort fortalt

  • PPT undersøkjer om barn og unge kan ha behov for ekstra hjelp i barnehage og skule. Du som er forelder, kan ta kontakt med skulen eller barnehagen viss du er bekymra.
  • PPT tilbyr opplæring til tilsette i barnehagar og skular

Information in other languages

Kva gjer PPT?

  • Vi undersøkjer om barn kan ha behov for ekstra hjelp, gjennom observasjon, kartlegging og testar.
  • Vi gir råd og rettleiing til foreldre.
  • Vi tilbyr kurs, nettverk og rettleiing til tilsette i barnehage, skule og andre samarbeidspartnarar.
  • Sjå film om PPT

Kven kan få hjelp?

Vi hjelper barn i barnehage og skule med spesielle behov:

  • språk- og talevanskar, logoped
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale og emosjonelle vanskar
  • åtferdsvanskar
  • syns- og høyrslevanskar
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • ikke-språklige lærevanskar
  • alvorleg skulefråvær

Vaksne som har rett på grunnskuleopplæring, kan ha rett til spesialundervisning. Før kommunen kan gi spesialundervisning til vaksne, skal PP-tenesta gjere ei sakkunnig vurdering av behovet for spesialundervisning. Reglar for spesialundervisning finn du i opplæringslova.

Slik søkjer du om hjelp i barnehagen

Slik gjer du om du er bekymra for om barnet ditt har spesielle behov:

  • Ta kontakt med barnehagen. Barnehagen gjer undersøkingane og prøvene sine ut tiltak.
  • Viss barnet framleis har vanskar, kan barnehagen og føresette vise til PPT. PPT undersøkjer kva behov barnet har, og gir rettleiing og råd om kva barnet har behov for. Viss PPT konkluderer med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, utarbeider vi ei sakkunnig vurdering.
  • Viss den sakkunnige vurderinga konkluderer med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, skal kommunen gjere vedtak om at barnet skal ha spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.

Slik søkjer du om hjelp på skulen

Slik gjer du viss du er bekymra for om barnet ditt har spesielle behov:

  • Ta kontakt med skulen. Skulen gjer undersøkingane og prøvene sine ut tiltak.
  • Viss barnet framleis har vanskar, kan skulen og foreldre vise til PPT. PPT undersøkjer kva behov eleven har, og gir rettleiing og råd om kva eleven har behov for. Viss PPT konkluderer med at barnet har behov for spesialundervisning, utarbeider vi ei sakkunnig vurdering.
  • Viss den sakkunnige vurderinga konkluderer med at eleven har behov for spesialundervisning, skal rektor gjere vedtak om at eleven skal ha spesialundervisning.
  • Skjema for å avslutte spesialundervisning finn du her

Tidleg skulestart

Informasjon om tidleg og/eller utsett skulestart finn du her. 

Kontaktinformasjon

Pedagogisk- psykologisk tjeneste (PPT)

Besøksadresse:

Torgveien 23 4016 Stavanger

Postadresse:

Postboks 8001 4068 Stavanger

E-post:
oppvekst.ppt.adm@stavanger.kommune.no

 

Brev med sensitiv informasjon skal ikke sendes via epost. Bruk eDialog.
(Vedlegg MÅ være i PDF-format)


Åpningstider: 

Pga svært redusert bemanning har vi dessverre redusert telefontid.
Ta gjerne kontakt via eDialog.

Uke 16

Telefontid hver dag mellom 08-15.

Uke 17

Mandag 08 - 15 (Lunsj 11.00 - 11.30)
Tirsdag Stengt pga fagdag
Onsdag 08 - 15 (Lunsj 11.00 - 11.30)
Torsdag 08 - 15 (Lunsj 11.00 - 11.30)
Fredag Stengt pga fagdag

 

Uke 18

Mandag 08.00 - 13.30 (Lunsj 11.00 - 11.30)
Tirsdag 08.00 - 13.30 (Lunsj 11.00 - 11.30)
Onsdag 08.00 - 13.30 (Lunsj 11.00 - 11.30)
Torsdag 08.00 - 13.30 (Lunsj 11.00 - 11.30)
Fredag 08.00 - 13.30 (Lunsj 11.00 - 11.30)

 

Telefonnummer: 51 50 74 01