Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Barnehage og skule
  3. Skole
  4. Si meininga di om plan for skulestruktur

Si meininga di om skulestrukturen!

Kort fortalt

  • Velkommen til høyring om plan for skulestruktur! 
  • Målet med planen er å sikre skulekapasitet i alle delane av kommunen.
  • Invitasjonen går med dette ut til alle elevar, foreldre, tilsette og innbyggjarar i Stavanger kommune, og høyringsfristen er 15. juli. 

Information in other languages

Elever på vei til skole i Stavanger

Høyring av plan for skulestruktur i Stavanger kommune 2021-2035

Målet med planen er å sikre tilstrekkeleg skulekapasitet i alle delane av kommunen og å sikre at skulestrukturen legg til rette for eit godt skuletilbod for elevane. Planen skal òg kunne brukast som grunnlag i planarbeidet til kommunen og som utgangspunkt for prioriteringar av investeringar i skulebygg i kommunens handlings- og økonomiplan.

Samandrag: Kva er situasjonen dei neste 15 åra? 

Utkastet til plan for skulestruktur 2021-2035 presenterer dei siste elevtalsframskrivingar for Stavanger, og analyserer skulebehovet dei neste 15 åra.

I Stavanger kommune fødast det no færre barn enn før, og innvandringa er låg. Veksten i talet på barn og unge vil bli låg framover i heile regionen. Befolkningsframskrivinga frå 2020 viser at Stavanger kan vente over 1400 færre barn i grunnskulealder i 2032 enn i dag. Frå 2032 blir talet venta å byrje å stige igjen, men det vil ikkje no dagens nivå før nærare 2040.

Sidan pressa i bustadmarknaden blir mindre, kan Stavanger vente at fleire barnefamiliar blir buande og ikkje flyttar ut av kommunen. Dette gir sentralisering og bidreg til at veksten av barn og unge blir høgare i sentrale delar av Stavanger, enn andre stader i regionen og i mindre sentrale delar av kommunen.

På barnetrinnet vil Storhaug bydel, Vaulen skule og Våland skule få behov for kapasitetsutviding. Det er allereie vedteke å byggje ny skule i Storhaug bydel og ny Vaulen skule med større kapasitet. Behovet på Våland kan løysast ved å justere skulegrenser og/eller utvide kapasiteten med mellombelse lokale. På sikt bør det byggjast ein ny skule som kan avlaste Våland på sjukehusområdet eller i Paradis.

Fram mot midten av 2020-talet blir elevtalet venta på ungdomstrinnet å stige i alle kommunedelar unnateke Hinna og Rennesøy. Etter 2025 vil elevtalet i ungdomsskulen byrje å gå ned igjen. Det ser ikkje ut til å bli behov for å utvide kapasiteten på ungdomstrinnet i nokon delar av kommunen.

I planutkastet løftar vi fram nokre moglege endringar i inntakspraksis ved skulane. Dette er endringar som kan innførast på kort eller lang sikt. Kommunen vil gjerne ha synspunkta til innbyggjarane på forslaga. Her er nokre av dei aktuelle spørsmåla: 

  • Bør inntaket til ungdomsskulane på Hundvåg blir endra slik at elevane frå både Skeie og Roaldsøy går til Lunde skule, medan elevane frå Buøy og Hundvåg går til Austbø skule?
  • Bør Madlaveien og E39 blir gjord til skulegrense mellom Våland og Eiganes?
  • Bør elevar på mellomtrinnet på Fogn, Ombo og Sjernarøy i framtida takast inn på Finnøy sentralskule?

Last ned og les forslaget til plan

Utval for oppvekst og utdanning (UOU) behandla høyringsutkastet 28. april 2021 og vedtok å sende det på høyring.

Du kan seie meininga di til 15. juli 2021

Synspunkt kan sendast til Stavanger kommune, postboks 8001, 4068 Stavanger eller til postmottak.oou@stavanger.kommune.no

Merk innspelet med saksnummer 21/13371 «Plan for skulestruktur». 

Kven kan sende innspilll til planen?

Alle som ønskjer det, kan gi tilbakemelding på planforslaget. Innspelet må vere skriftleg og innehalde fullt namn. Kommunen svarer på innspela gjennom den politiske behandlinga.

Vidare behandling av saka
I høyringsrunden skal handlingsplanen behandlast i fleire politiske råd og utval. Endeleg forslag til plan for skulestruktur skal sluttbehandles i kommunestyret 27. september 2021.

 

Kontaktinformasjon

Gurid Lomeland

Rådgiver for oppvekst og utdanning

Telefon:
51 50 70 27
E-post:
gurid.lomeland@stavanger.kommune.no

Johan Vatne

Forvaltningsleder for oppvekst og utdanning

Mobil:
980 70 900
E-post:
johan.vatne@stavanger.kommune.no