PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Bolig og bygg
  3. Vann og avløp
  4. Vannmåler

Vassmålar

Kort fortalt

  • Det skal installerast vassmålar i alle nybygg knytte til offentleg vassforsyning, og i bygg der sanitæranlegget blir renovert.
  • Bedrifter i Stavanger er pålagde å ha vassmålar, mens private kan velja om dei vil behalda vassmålaren.
  • Viss du har vassmålar, betalar du for vatnet du brukar.

  • Viss du ikkje har vassmålar, betalar du for vatn ut frå storleiken på bustaden din.

  • Du blir mint om å registrera vassmålarstanden på nettet ein gong i året, i november/desember.

Information in other languages

Utsnitt av en vannmåler med telleverk.

Kven må ha vassmålar?

Nybygg skal ha vassmålar

Frå og med 2020 må vassmålar bli installert i alle nybygg knytt til offentleg vassforsyning i Stavanger, og i bygg der sanitæranlegget blir renovert. Det gjeld både for bedriftseigedommar og i private bustadar.

Installasjonen blir betala av den som eig eigedommen, og arbeidet skal utførast av godkjent føretak (røyrleggar) i samsvar med standard abonnementsvilkår for vatn og avløp.

Bedrifter skal ha vassmålar

I Stavanger er alle bedriftseigedommar pålagde å ha installert vassmålar, rapportera inn vassmålarstand og betala for faktisk vassforbruk.

Privatbustadar kan ha vassmålar

I privatbustadar er det valfritt å ha vassmålar, men det skal installerast vassmålar ved nybygg eller renovasjon av sanitæranlegg, som nemnt ovanfor. Det kan fort lønna seg å ha vassmålar i ein bustad, men private hushald kan altså velja om dei vil behalda ein installert vassmålar. 

Lønner det seg å ha vassmålar?

Finn ut med vassmålarkalkulatoren om det lønner seg for deg å ha vassmålar.

Alle abonnentar med vassmålar skal betala ei årleg leige. Prisen for leie finn du nedst på gebyrsidene.

Korleis blir vassmålaren installert hos deg?

Kontakt eit godkjent føretak, altså røyrleggarfirma, som ordnar alt.

Vassmålaren leiger du av kommunen. Berre med desse vassmålarane kan vi berekna gebyret ut frå vassforbruket ditt. Røyrleggaren hentar vassmålaren og monterer han i ein vassmålarkonsoll.

Avlang metallkonsoll som vannmåleren monteres i.Konsollen blir festa til veggen, nær hovudinntaket for vatn i bygningen, og før den første forgreininga på vassrøyra.

Når vassmålaren ikkje lenger er i bruk, demonterer røyrleggaren vassmålaren. Konsollen blir ståande, om du ønskjer det. Røyrleggaren leverer vassmålaren tilbake til kommunen.

Registrera vassmålarstand 

Vannmåler, med telleverk innenfor en rund glassplate.Alle som har vassmålar må lesa av vassmålarstanden ein gong i året, og melda inn standen til kommunen.

I november kvart år sender kommunen ut varsel i ein sms, med lenke til der du skal registrera vassmålarstanden. Fristen for registrering står i sms-en.

Når du registrerer vassmålarstanden, ikkje ta med desimalane, altså tala bak komma på teljeverket. På nokre målarar er desse tala raude.

Du som har meldt inn at du ikkje ønskjer varsel på sms, får eit brev i posten. Det inneheld brukarnamn og passord, som du brukar når du skal registrera vassmålarstanden. Du som har fått brev, les av målarstansen her. (Open frå du får meldingen og fram til årsskiftet).

Har du spørsmål om utviklinga i vassforbruket ditt? Logg inn på Min side, så finn du tidlegare innmeld vassmålarstand for eigedommen. 

Skifta ut vassmålaren

Har du fått brev frå Stavanger kommune om at vassmålaren din må skiftast ut?

Føresetnaden for at Stavanger kommune gjer dette gratis for deg, er at vassmålaren er av storleik 1,5" eller mindre, og at han er plassert slik at han lett kan skiftast ut. Dette vurderer montøren til kommunen på staden.

Smarte, fjernavlas vassmålarar

Stavanger kommune har testa ut smarte vassmålarar i eit pilotprosjekt, saman med Lyse, Altibox og Infotiles. Smarte vassmålarar krev inga manuell avlesing. I tillegg kan dei i framtida bidra til at vi oppdagar og får utbetra lekkasjar på vassleidningar raskare.

Det langsiktige målet er at alle vassmålarar i Stavanger blir fjernavlesne. Det står att ein del utviklingsarbeid før dette kan bli realisert.

Eigarskifte

Kommunen gjennomfører ikkje avrekning/mellomoppgjer ved eigarskifte. Slikt oppgjer må handterast av kjøpar og sel sjølv, ev via meklar.

Informasjon til røyrleggar

Vassmålarskjema

Ved installering av vassmålarar, fyll ut vassmålarskjema (word, 64 kb) og send det til  dette til vassmålar@stavanger.kommune.no.  

Henta vassmålar

Spørsmål om henting av vassmålar
telefon: 99 23 88 12.

Hentestad: Svanholmen 3 på Forus
Hentestad for Finnøy og Rennesøy: Hausken

Annan kontaktinformasjon

vassmålar@stavanger.kommune.no
telefon: 51 50 71 40.