Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Helse og omsorg
  3. Ryfylke legevakt

Ryfylke legevakt

KORT FORTALT

  • Ring 113 når det står om liv.
  • Ring legevakta på 116117, når det hastar med å få hjelp med sjukdom eller skadar.
  • Du vil då bli sett i kontakt med legevaktlege dersom det er behov for det.
  • Legevaktnummeret 116117 er gratis.
  • Legevakta er tilgjengeleg heile døgnet.
 

Information in other languages

Stavanger kommune har to legevakter; Stavanger legevakt og Ryfylke legevakt. Du som er innbyggjar i Finnøy og Rennesøy skal framleis først og fremst nytta Ryfylke legevakt, men du har høve til å bruka Stavanger legevakt om du føretrekker det. Legevaktnummeret er det same, 116117.

Hjelp når det hastar

  • Om det står om liv, ring 113.
  • Om det hastar med å få hjelp med sjukdom eller skada, men ikkje er akutt, ring 116117.
  • Legevakta hjelper deg å vurdera om du skal komma til legevakta, og kan gi råd og rettleiing på telefonen.
  • Om fastlegekontoret har opent, bør du gå dit fordi fastlegen har journalen din og kjenner helsetilstanden din.

Legevakt på dagtid 

Stavanger legevakt er telefonvakt for Ryfylke legevakt. Ring 116117 for å komma i kontakt.

Frå kl. 08.00 til kl. 15.30 måndag til fredag vil du som oppheld deg i Finnøy bli sett i kontakt med Finnøy legekontor. Dersom du oppheld deg i kommunedel Rennesøy, vil du bli sett i kontakt med Rennesøy legekontor.

Legevakta tilbyr hjelp ved akutte skadar, sjukdommar og kriser. På dag- og kveldstid behandlar vi òg mindre alvorlege akutt-tilstandar, men alvorlege tilstandar blir først behandla. Kroniske sjukdommar blir berre behandla når det er ein akutt forverring eller akutte behov.

Legevakt på kveldstid, natt og i helgar 

Legen har hjemmevakt og tar kontakt for vidare avklaring eller eventuelt avtaler konsultasjon. Om pasienten ikkje kan reisa på grunn av tilstanden sin, kjem legen på hjemmebesøk.

Legevakta tilbyr hjelp ved akutte skadar, sjukdommar og kriser. På kveldstid behandlar vi mindre alvorlege akutt-tilstandar, men alvorlege tilstandar blir først behandla. Kroniske sjukdommar blir berre behandla når det er ein akutt forverring eller anna akutt behov. Om natta (kl. 22.00 – 08.00) blir berre pasientar som treng akutt umiddelbar hjelp behandla, mindre alvorlege tilstandar blir viste til dagtid eller til pasientens eigen lege.

Legevaktsamarbeid

Ryfylke legevakt er legevakt òg for Hjelmeland og Kvitsøy kommune. Legar frå Stavanger, Hjelmeland og Kvitsøy kommune deltar i vaktsamarbeidet.

Legebåten

Lege-/ambulansebåten har base på Judaberg. Legen kan nytta enten legekontoret om bord i båten, eller eitt av dei kommunale legekontora i distriktet.

Dette tar du med til legevakta

  • Legevakta har ikkje tilgang til journalen din frå sjukehuset, fastlegen eller andre.
  • Du som pasient må ha med legitimasjon, oversikt over faste medisinar, relevante medisinske papir (rapportar frå sjukehus eller liknande) og eventuelt frikort.

Betaling 

  • Du må betala ein egenandel for behandling ved legevakta. Du må òg betala for bandasjar, medisinar og anna utstyr som blir brukt.
  • For personar med frikort, barn under 16 år, personar som har førstegongsteneste i militæret og gravide som må ha konsultasjon i samband med svangerskapet er sjølve konsultasjonen gratis. Du må likevel betala for bandasjar, medisinar og anna utstyr som blir brukt.
  • På legekontora er det betalingsautomatar som ein kan nytta. På lege-/ambulansebåten kan ein betala kontant. Det er òg mogleg å få faktura.
  • Viss du drar frå legevakta utan å betala, sender vi faktura i posten.

Pasientar som får tilsyn av lege i ambulansen/ambulansebåten og blir køyrd direkte til sjukehuset, får giro tilsendt i etterkant. Legen rykker ut saman med ambulansen ved alvorleg sjukdom eller ulykke.

Lydopptak av alle samtalar

I samsvar med akuttmedisinforskriftas §13e blir det tatt lydopptak av alle samtalar i telefonsentralen til legevakta. Lydopptaket blir sett på som ein del av journalen til pasienten, og blir tatt vare på i tre år etter opptaksdato før det slettes. Opptaket slettes derimot ikkje om det inngår i saksbehandling, eller har verdi som dokumentasjon av andre årsaker i samsvar med akuttmedisinforskriftas §20.

Tilbakemelding og klager

Om du ikkje er fornøgd med behandlinga du får, høyrer vi gjerne frå deg. Klaga bør vera skriftleg. Klaga blir send til Stavanger kommune ved helsesjefen, Postboks 8001, 4068 Stavanger.

Helsesjefen i Stavanger kommune har det medisinsk-faglige ansvaret ved Ryfylke legevakt.

Du kan eventuelt klaga til Helsetilsynet i Rogaland eller henvenda deg til Pasientombudet.

Tilbod ved Stavanger legevakt