PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Kultur
  4. Kulturtilskudd
  5. Kulturstipend

Arbeidsstipend og diversestipend for kunstnarar og kulturarbeidarar

Kort fortalt

  • Søknadene for 2021 er no ferdigbehandla. 
  • Budsjettramma for stipend i 2021 utgjorde kr 1 850 000.
  • Forslag til ny stipendordning vart vedteken av for kultur, idrett og samfunnsdialog 5. mai 2021. Les saka her: Politiske møte - Møter - Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog (05.05.2021) - Fjernmøte (opengov.cloudapp.net)
  • Søknadsomfang og tildeling for 2021 var slik: 
    - Arbeidsstipend hadde 89 søkjarar, og 5 søkjarar vart tildelte kr 100 000.
    - Diversestipend hadde 125 søkjarar, og 27 søkjarar vart tildelte kr 50 000.
  • Søknadene vart lesne og blir vurderte av ei samla kulturavdeling, som leverte innstilling til Utvalg for kultur, idrett og samfunnsdialog (UKIS). UKIS fatta endeleg vedtak. Dette vart behandla i møtet deira  møte 8. september 2021.

Information in other languages

Om ordninga

Stipendordninga med Stavanger kommune består av arbeidsstipend og diversestipend, og gjeld for enkeltpersonar med kunst eller kultur som profesjon eller profesjonell verksemd. Stipendordninga omfattar alle kunst- og kulturfelta (visuell kunst, musikk, litteratur, scenekunst, kulturarv, film, andre tverrestetiske kunstarter og kunst- og kulturkritikk).

Formålet med stipendordninga er å bidra til utvikling av kvart enkelt kunstnarskap og leggje til rette for fagleg fordjuping og ny kunstnarisk produksjon. Stipenda skal vere til inspirasjon og gle for kunstnarar og kulturarbeidarar, og ein stimulans for kulturlivet i byen.

Å leggje til rette for utvikling av talenta i framtida og vareta kunstnariske talent er ein del av kulturplanen til Stavanger kommune. Stavanger skal vere ein attraktiv by for både etablerte kunstnarar og nyutdanna kunstnarar som ønskjer å etablere seg.

Stipendordninga byggjer opp under det prioriterte område «Å leve av kunst og kultur» i kulturplanen og er forankra i følgjande hovudmål:

Aktørar skal ha føreseielege vilkår som sikrar utvikling, breidd og kvalitet i den kunstnariske og kulturelle produksjonen.

Stipendordninga disponerer kr 1 850 000 for 2021. Ramma blir slik fordelt for 2021:

  • Inntil fem arbeidsstipend á kr 100 000
  • Resterande sum kr 1 350 000 blir tildelte 27 diversestipend á kr 50 000

Når kan eg søkje og kor mykje kan eg søkje om?

Søknadsfrist for 2021: Onsdag 23. juni 2021 (fristen er gått ut)

Du kan søkje om to ulike typar stipend:

  • Arbeidsstipend: kr 100 000
  • Diversestipend: kr 50 000

NB! Det må sendast inn éin søknad for kvar stipendordning.

Kven kan søkje?

Målgruppe for ordninga:

  • Profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar innan alle kunst- og kulturfelt.
  • Stipend blir berre tildelt enkeltpersonar, og søkjar må ha kunst eller kultur som profesjon eller profesjonell verksemd.
  • Søkjar må ha bustad eller kunstnarisk verke i Stavanger kommune.
  • Studentar og personar under utdanninga til heiltid kan normalt ikkje få tilskot frå denne ordninga. Du kan søkje om stipend dersom du avsluttar utdanninga til heiltid den våren søknadsfristen er.
  • Kunstnarar som har fått nasjonale stipend frå kr 200 000 for gjeldande år, kvalifiserer ikkje for å søkje arbeidsstipend.
  • Kunstnarar som har fått nasjonale stipend frå kr 200 000 for gjeldande år, kan søkje diversestipend.

Generelle retningslinjer:

  • Stipendet kan ikkje dekkje tapte inntekter eller tidlegare komne kostnader.
  • Det kan ikkje søkjast om stipend til same tiltak/arbeid/prosjekt som er tildelt støtte gjennom tilskotsordningane Tilskudd til profesjonelle kunst- og kulturtiltak/Rask respons i Stavanger kommune.
  • Det er mogleg å søkje på begge stipendordningane, men det kan berre tildelast éin type stipend per år. Det må sendast inn éin søknad for kvar stipendordning.
  • Nye søkjarar og søkjarar som ikkje har fått stipend tidlegare, kan bli prioritert.
  • Same søkjar kan ikkje få arbeidsstipend to år på rad.
  • Stipend tildelt via stipendordninga med Stavanger kommune er skattepliktig, og mottakar har plikt til å melde tilskot på riktig måte til skattestyresmaktene. Les meir på nettsidene til skatteetaten.
  • Dersom du fekk stipend i 2020 anten via den ordinære ordninga eller den ekstraordinære ordninga pga. korona, kan du søkje om stipend i 2021. Du kan søkje stipend til å vidareutvikle arbeid som du tidlegare har fått stipend til, men det må komme tydeleg fram at det no gjeld ein ny fase av arbeidet/prosjektet.

Søknad om arbeidsstipend

Arbeidsstipend har ein storleik på kr 100 000.

Søknadsfrist: 23. juni (fristen er gått ut)

Arbeidsstipendet skal gå kunstnarar og kulturarbeidarar som kan vise til særleg høge faglege og kunstnariske kvalifikasjonar. Stipendet skal gi høve til fagleg fordjuping, kunstnarisk produksjon og kunstnarisk forsking/utviklingsarbeid/research.

Søknaden må gi eit godt og dekkjande innblikk i korleis søkjaren planlegg å bruke stipendet, kva det skal arbeidast med og tidsperioden det er planlagt brukt. Formålet med stipendet er å gi honorar til eige arbeid, og det er ikkje nødvendig å leggje ved budsjett.

Korleis søkjar du om arbeidsstipend?

Sjå gjerne opptak frå dialogmøte med gjennomgang av ordningane før du søkjer.

1. Søknad skal sendast inn via elektronisk skjema. Skjema blir i forkant lagt ut av neste søknadsfrist i 2022. 

2. Før du sender inn søknaden, er det lurt å gjere klart følgjande vedlegg:

  • Prosjektskildring: Denne må gi eit godt og dekkjande innblikk i korleis du planlegg å bruke stipendet, kva du skal arbeide med og tidsperioden det er planlagt brukt. 
  • CV som dokumenterer utdanning, kurs, kunstnarisk verksemd og produksjon og annan relevant informasjon.
  • Ev. andre vedlegg ved behov: Annan dokumentasjon av kunstnariske prosjekt, publikasjonar eller anna som du meiner er relevant ved vurdering av søknaden din (maks 5 filvedlegg).

3. Fyll ut søknadsskjema og legg ved alle vedlegg. I søknadsskjema må du gi eit kort samandrag av søknaden.

Søknad om diversestipend

Diversestipend har ein storleik på kr 50 000.

Søknadsfrist: 23. juni (fristen er gått ut)

Diversestipend skal vere eit bidrag til den kunstnariske verksemda til den enkelte søkjaren. Det kan søkjast om diversestipend til følgjande formål:

  • frikjøp av arbeidstid/honorar for arbeid med kunstnarisk arbeid/fordjuping (under dette kurs, reiser, marknadsføring, konsulentbistand)
  • frikjøp av arbeidstid/honorar for arbeid med utvikling av forprosjekt/prosjekt (under dette kurs, reiser, marknadsføring, konsulentbistand)
  • leie av produksjonslokale/atelier/studio
  • kompetanseutviklende formål (gjeld ikkje utdanning som er støttegodkjent gjennom Statens lånekasse)
  • innkjøp av utstyr/materiell som er relevant for det kunstnariske arbeidet
  • utgifter knytt til etablering og investering for kunstnarar eller kulturarbeidarar som skal etablere seg i Stavanger

Korleis søkjar du om diversestipend?

Sjå gjerne opptak frå dialogmøte med gjennomgang av ordningane før du søkjer.

1. Søknad skal sendast inn via elektronisk skjema. Skjema blir i forkant lagt ut av neste søknadsfrist i 2022. 

2. I søknadsskjemaet vil du bli beden om å setje inn eit budsjett. Det er ikkje nødvendig å oppgi andre inntekter enn stipendet dersom det ikkje er relevant for søknaden. Pass på at det er samsvar mellom kva du søkjer stipend til, og kva du set opp i budsjettet.

3. Før du sender inn søknaden, er det lurt å gjere klart følgjande vedlegg:

  • Prosjektskildring: Denne må gi eit godt og dekkjande innblikk i korleis du planlegg å bruke stipendet, kva du skal arbeide med og tidsperioden det er planlagt brukt. 
  • CV som dokumenterer utdanning, kurs, kunstnarisk verksemd og produksjon og annan relevant informasjon.
  • Ev. andre vedlegg ved behov: Annan dokumentasjon av kunstnariske prosjekt, publikasjonar eller anna som du meiner er relevant ved vurdering av søknaden din (maks 5 filvedlegg).

4. Fyll ut søknadsskjema og legg ved alle vedlegg. I søknadsskjema må du gi eit kort samandrag av søknaden.

Korleis blir søknaden behandla?

Tilskot blir gitt ut frå ein samla skjønnsmessig vurdering der følgjande blir vektlagt:

  • Faglege kvalifikasjonar og kompetanse
  • Kunstnarisk nivå, målsetjing, potensiale og gjennomføringsevne
  • Nyskaping, utvikling og fordjuping i eigen kunstnarisk praksis
  • Fullstendig søknad
  • Mangfald og breidde innan område/felt

Stipendtildelingane skal representere ei fordeling mellom felt ut frå talet på søknader innanfor det enkelte felt, og skal representere breidd og mangfald.

Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog fattar vedtak med utgangspunkt i ei foreslått tildeling av kulturavdelinga. Tildelingsliste blir behandla i møte 8. september 2021.

Søkjar har rett til å klage på vedtaket, jf. forvaltningslova §§ 28 – 36. Fristen for å klage er tre veker frå du får svarbrev via Altinn.
Klagenemnda til Stavanger kommune er klageinstans. 

Rapportering

Det er ein føresetnad at stipendet blir brukt til formålet det er søkt om og dei opplysningane som er gitt i søknaden. Eventuelle vesentlege endringar må meldast skriftleg til saksbehandlar for vurdering og godkjenning.

Stipendmottakar skal sende inn rapport der det blir gjort greie for bruken av stipendet og det kunstnariske utbytte (eige rapportskjema). Ved ev. endringar i bruken av stipendet skal dette kommenterast i rapporten.

Rapporten vil bli lagt til grunn for eventuelle seinare løyvingar.
Ny søknad om stipend vil ikkje bli behandla før rapport for tidlegare tildelt stipend er sendt inn.

Bortfall av stipend og krav om tilbakebetaling

Dersom tildeling av stipend byggjer på feilaktige opplysningar frå søkjar, kan utbetalt stipend krevjast tilbake. Det same gjeld dersom stipendmottakar ikkje har levert rapport innan fastsett frist.

Utbetaling og kontroll med bruk av midlar

Stavanger kommune utbetaler tilskotet etter at tildeling er gjord. Kommunen har moglegheit til å be om innsyn og kontroll av løyvde kommunale midlar, jf. reglar for offentleg tilskotsforvaltning. Mottakar av tilskot pliktar å medverke, under dette skaffe etterspurd og relevant dokumentasjon, m.m.

I samsvar med offentleglova § 3 er søknader om tilskot, inkludert eventuelle vedlegg, offentleg tilgjengelege dokument. Eventuelle sensitive opplysningar kan bedast halde unna offentleg innsyn (jf. Forvaltningsloven § 13). Dette må grunngivast særskilt av søkjar.

Kontaktinformasjon

Maren Skoie

Rådgiver

Visuell kunst, litteratur, Stavanger kommunes kunstsamling, kunstnerboliger, kunst i offentlige rom

Mobil:
402 03 354
Telefon:
51 50 71 66
E-post:
maren.skoie@stavanger.kommune.no

Stian Kristensen

Rådgiver kultur og Stavanger 2025.

Litteratur, scenekunst, film

Telefon:
458 59 286
E-post:
stian.kristensen@stavanger.kommune.no

Stein Andreassen

Rådgiver 

Musikk, kulturarv, festivaler og større arrangementer, kulturarrangører

Telefon:
51 50 79 60
E-post:
stein.andreassen@stavanger.kommune.no

Marita Aksnes

Rådgiver 

Litteratur, musikk, Akropolis-visjonen

Mobil:
916 01 925
E-post:
marita.aksnes@stavanger.kommune.no

Nina Osland

Rådgiver

Visuell kunst, scenekunst, film 

Mobil:
977 14 810
E-post:
nina.osland@stavanger.kommune.no

Jeanette Flåte Vikse

Rådgiver

Økonomi, kulturarv, Den kulturelle spaserstokken, priser og legat 

Mobil:
51 50 86 37
E-post:
jeanette.flate.vikse@stavanger.kommune.no
Kristina Ehrenberg-Rasmussen

Kristina Ehrenberg-Rasmussen

Kultursjef

Mobil:
926 32 538
E-post:
kristina.ehrenberg-rasmussen@stavanger.kommune.no