Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Kultur
  4. Kulturtilskudd
  5. Veiledning for tildeling av kulturtilskot

Veiledning for tildeling av kulturtilskot

Information in other languages

Generelle retningslinjer for tildeling av tilskot i 2021

  • Dersom du søkjer kulturtiltskudd i 2021, må du forhalde deg til dei gjeldande smittevernreglane pga. koronapandemien og ta høgd for dette i planlegging og gjennomføring.
  • Dersom du har fått støtte til eit tiltak i 2021 og det oppstår endringar, til dømes at tiltaket blir utsett, du må gjere større endringar eller avlyse, skal du kontakte kulturavdelinga v/saksbehandlar i tilskotsbrev i forkant.
  • Dersom du har fått statlege kompensasjons- eller stimuleringsmidlar for omsøkt tiltak i 2021, eller planlegg å søkje om dette, skal du oppgi det i søknaden.
  • Tilskot til reiseaktivitet internasjonalt vil ikkje bli prioriterert så lenge det er reiserestriksjonar. 
  • Det blir teke atterhald om at koronasituasjonen regionalt og nasjonalt ikkje vesentleg blir forverra i 2021.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med saksbehandlar oppgitt i tilskotsbrevet dersom du har spørsmål.

Vilkår for tildeling av tilskot

I tilsegnsbrevet blir det gitt nærare vilkår for tildeling:

a) Det skal komme fram at tiltaket er støtta av Stavanger kommune.

b) Det er eit krav at tiltaket blir gjennomført slik det er beskrive i søknaden. Du må ta kontakt med kulturavdelinga viss det oppstår forhold som gjer at føresetnadene for søknaden blir endra.

c) Krav om rapportering og rekneskap. Det er krav om prosjektrekneskap som er stadfesta av uavhengig registrert eller statsautorisert revisor for tilskot over kr 200 000.

I vedtaktet i tilsegnsbrevet kan bli gitt fleire vilkår for tilskotet enn det som kjem fram av punkta ovanfor. 

Utbetaling av tilskot

Kommunen utbetaler tilskotet etter oppmoding om utbetaling og motteken nødvendig dokumentasjon. Tilsegn om tilskot fell bort dersom utbetalingsoppmoding ikkje er innsend innan 31. desember det året tilskotet gjeld. 

Kontroll med bruk av midlar

Stavanger kommune har moglegheit til å be om innsyn og kontroll av løyvde kommunale midlar, jf. reglar for offentleg tilskotsforvaltning. Mottakar av tilskot pliktar å medverke, under dette skaffe etterspurd og relevant dokumentasjon.

Bortfall av tilskot og krav om tilbakebetaling

Tilskot som ikkje er utbetalt eller utbetalt tilskot kan krevjast tilbake dersom tildelinga byggjer på feilaktige opplysningar frå søkjar, eller at tilskotet/delar av tilskotet ikkje er nytta etter føresetnadene, under dette at fastsette vilkår ikkje er oppfylt.

Det same gjeld dersom tilskotsmottakar ikkje har levert rekneskap og rapport innan fastsett frist (der dette krevst), eller når rekneskapen ikkje blir rekna tilfredsstillande.

Klagetilgang

Du kan klage på vedtaket jf. forvaltningslovas §§ 28-36. Klagefristen er tre veker frå motteke svar. Du må då levere ein skrifltig grunngitt og signert klage og sende han til postmottak.ios@stavanger.kommune.no

Klagesaker blir behandla av utval for kultur, idrett og samfunnsdialog.