Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Stavanger byarkiv
  4. Privatarkiv

Privatarkiv

Kort fortalt

  • Byarkivet får og vernar privatarkiv frå heile Stavanger kommune.
  • Vi har arkiv etter organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar.

  • Privatarkiva varierer mykje i både storleik og innhald. Nokon kan bestå av ein enkelt protokoll, andre utgjer fleire hyllemeter med ulikt materiale som møtebøker,brev, teikningar, fotografiar m.m.

Information in other languages

Stavanger byarkiv. Bilde fra www.stavangerbilder.no

Stavanger Bycyckleklub med sykler i Bjergsted. Fotograf: Georg T. Monsen. Datering: 01.10.1889 Kilde: BySt1981_01_0188

Tilgang til privatarkiv

Innsyn i privatarkiv blir fått ved førespurnad på førehand. Byarkivet kontaktar deg for å avtale besøk på lesesalen når ønskt arkivmateriale er funne fram.

Vêr merksam på at enkelte arkiv er klausulert, og dermed ikkje fritt tilgjengeleg for publikum.

Alle desse arkiva finn du òg ved å søkje i www.arkivportalen.no, der du kan søkje i arkiv frå heile landet.

Oversikt og informasjon om privatarkiva våre finn du her på stavangerbyarkiv.no.

Kva er privatarkiv?

Privatarkiv er arkiv som er skapte i privat sektor. Men privat sektor er så mangt, og arkiva har store innbyrdes forskjellar når det gjeld opphav, omfang og struktur. Vi deler derfor privatarkiva inn i ulike kategoriar. Informasjonen om kva dei ulike arkiva betyr er henta frå boka «Privatarkiv» av Wilhelm Lange, Dag Mangset og Øyvind Ødegaard. Boka er ein del av Riksarkivets skriftserie, og er tilgjengeleg på lesesalen til byarkivet.

Har du arkiv?

Har du liggjande papir etter mormors sybutikk? Farfars konfeksjonsagentur eller kolonialbutikk? Kanskje nokon var eldsjel i nabolaget eller dreiv ei husmorforeining? Dokument som fortel om levd liv, om alle små og store bedrifter, lag og foreiningar i Stavanger, om kultur og fritid, ligg på mange loft og bakrom, kjellarar og garasjar. Det er lett å tru at materialet ikkje er av interesse, men kanskje har vi ikkje hjarte til å kaste det heller. Då kan det vere ein god grunn til å kontakte Stavanger byarkiv! Vi tek vare på historia!

Send ein e-post til byarkivet@stavanger.kommune.no eller ring oss på 51 50 71 58.

Lokale avisar

Her er ei oversikt over avissamlingar hos byarkivet. Vêr merksam på at enkelte eksemplar ikkje er tilgjengeleg på grunn av tilstanden til materialet.

Dei fleste av avisene kan finnast fram ved uanmeldt frammøte. Du må sjølv fotografere dei artiklane du måtte ønskje, med eigen mobil eller teke med kamera.

For dei som ikkje har høve til å komme til lesesalen viser vi til Nasjonalbiblioteket for bestilling av kopiar.

Avis

Utgivingsår

Årgangar tilgjengeleg på lesesalen

 Merknad

Stavanger Adresseavis

1833-1840

 

Heldt fram som Stavanger Amtstidende og Adresseavis

Stavanger Amtstidende og Adresseavis

1841-1906

1845-1847, 1852, 1859, 1888-1906

 

Stavangeren [I]

1852-1899

1852-1855, 1860-1861, 1886-1899

Stavangeren vart seld til og slått saman med «Stavanger Avis» i 1899.

Noreg

1883-1890

 

Særutgave for Stavangeren

Vestlands-Posten / Vestlandsposten

1878-1916

1879-1881, 1888-1916

 

Rogalands Folkeblad

1888

1888

Frå 1.1.1889 utkom avisa som dagblad under namnet Stavanger Avis

Stavanger Avis

1889-1911

1889-1911

 

Stavanger Annonce-tidende

1893-1894

 

 

Stavanger Aftenblad

1893-1942, 1945-

1893-1970

 

1ste Mai

1899-1940, 1945-1955

1899-1940, 1945-1955

Vart slått saman med Haugaland Arbeiderblad og endra namn til Rogalands Avis i 1955.

Rogaland: Blad for Avhold og fred

1905-1920

1918-1920

Utkom som fortsetjing av avisa Dag, Haugesund.

Vestlandet

1906-1916

1906-1916

 

Rygja Tidend

1909-1918

1909-1918

 

Vestlandske Socialdemokrat

1909

 

 

Stavanger Morgenblad

1911-1912

1911-1912

 

Stavangeren [II]

1916-1942, 1945-1964

1916-1942, 1945-1964

Endra namn til Stavanger Morgenavis i 1965.

Vekas Gang

1918

 

 

Stavanger Socialdemokrat

1921-1927

1921-1927

 

Rogaland (II)

1925-1988

1925-

 

Rogalands Arbeiderblad

1926-1927

 

 

Vestlandets Avis

1934-1936

1934-1936

 

Stavanger Avis (II)

1942-1945

1942-1945

Stavanger Aftenblad og Stavangeren vart slått saman til Stavanger Avis av Pressedirektoratet, for å halde betre kontroll over kva avisene inneheldt.

Rogalands Avis

1955-

1955-1984

 

Stavanger Morgenavis

1965-1967

1965-1967

Tidlegare Stavangeren

Vestkysten

1987

 

 

Kontaktinformasjon

Stavanger byarkiv

Besøksadresse:

Arkivenes hus Richard Johnsens gate 12 4021 Stavanger

Telefon:
51 50 71 58
E-post:
byarkivet@stavanger.kommune.no

«Samfunnsutviklinga skjer i eit samspel mellom offentlege og private aktørar»