PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Nyheter
  3. UngLab om gratisbuss

Ungdom: Gratis buss gav fridom og fjerna forskjellar

Ungdom i UngLab i Stavanger har intervjua ungdom om ordninga med gratis kollektivreiser. For mange gav det større fridom til å dra kvar dei ville, og eigen sykkel er det ingen av de unge som melder at dei har.

Denne nyheitssaka er meir enn ein månad gammal. Innhaldet kan derfor vera forelda eller ikkje oppdatert.

Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.

UngLab består av ungdommar som driv opplegg i medverknad for ungdom. Metoden er utvikla av Stavanger kommune og konsulentselskapet Sopra Steria. Målet er å henta innsikt frå ungdom ved hjelp av andre unge, som gjennomfører intervju og undersøkingar.

Intervju med 48 ungdommar har resultert i innsikt som kommunen tek med seg i den vidare evalueringa av ordninga med gratis kollektivreiser.

Fridomskjensle

Rapporten, sett saman av Sopra Steria, viser at kollektivtransport er viktig for ungdom. Overgangen til vidaregåande skule endrar transportbehovet, dei unge får lengre skulevegar og nye vener som bur lengre vekke.

Fleire opplevde at tilgang på gratis billettar, og det å skaffa seg billettar utan hjelpa frå foreldra, gav kjensle av fridom. Når det ikkje er gratis, går det meir ut på eitt om foreldre eller kommunen betaler billettane.

Trass trongen til fridom, melder berre ein av ungdommane at han eig og brukar eigen sykkel for å koma seg enkelt og greit rundt.

Mindre forskjellar

Gratisreiser fjernar nokre forskjellar, meiner ungdommen. Det vart meir likskap i venegjengar når alle hadde råd til å reisa. Nokre familiar har ikkje råd til ungdomskortet, og ungdom kunne merka at foreldre med dårleg råd var letta over å sleppa utgiftene.

Nokre unge var òg letta over å sleppa risikoen ved å snika på bussen.

Ungdommane er likevel ikkje samstemde i om gratisordninga burde vore permanent. Fleire av dei som vart intervjua meiner at dei som har råd bør kunna betala for reisene, men at dei med dårleg råd bør få reisa gratis.

Bussa i staden for å gå

Gratisbillettar endra ikkje transportvanar for dei unge som bur usentralt, dei må reisa kollektivt uansett, medan dei unge som bur sentralt, valde gjerne å ta gratis buss der dei elles pleidde å gå. Det kom også fram at det vart enklare for vennegjengen å reisa lengre enn dei elles pleidde.

Det er viktig for dei unge å vera tilgjengelege, og dei  fleste er ganske så fornøgde med kollektivtilbodet dei har.

Dei ser for seg at fleire vil reisa kollektivt i framtida. Sjølv ønskjer dei seg reine bussar, utvida kveldsruter mellom bydelane og – ikkje minst – fleire bysyklar.

Viktig innsikt frå dei unge

– Det arbeidet ungdommane i UngLab har gjort er viktig, seier Christin Berg. Ho koordinerer evalueringsarbeidet i kommunen etter ordninga med gratis kollektivreiser.

– Rapporten gir innsikt i erfaringane og haldningane i ei brukargruppe som me ofte opplever det er vanskeleg å nå. Han får fram nyansar i korleis ungdom forheld seg til kollektivtransport og at det kan kan ha mykje å seia for nokre å kunna reisa gratis.

Evalueringa til kommunen vil ta tid, mellom anna fordi kommunen ønskjer å samanlikna reisevanetal og annan statistikk frå gratisperioden i 2023 med tilsvarande tal frå både 2022 og 2024.

Kontaktinformasjon for media:

  • Christin Berg, rådgjevar byutvikling, Stavanger kommune, 41 29 62 21.
  • Bjarte Bøe, seniorrådgjevar, Sopra Steria, 975 29 765.