- Ønsker du at nabolaget ditt skal ha eit nabolagstreff, ein nabolagshage, festival, grønsakskasse eller andre aktivitetar?
- Fristane i 2023 er 1. februar, 1. mai, 1. september og 1. november.
- Her finn du søknadsskjema
Nærmiljøtilskudd for Hillevåg
Kort fortalt
Information in other languages
Kva kan du søka støtte til?
Du/dokker kan søka om tilskot frå dei heilt små til større tiltak, som til dømes mat til nabolagstreff, nabolagshagar, festivalar, mikrobibliotek, open familiedag, hobbygrupper eller andre aktivitetar.
Vi ønsker å støtta tiltak som:
- Er med på å bygga tilhøyrsel til Hillevåg og skaper attraktive, opne og inkluderande aktivitetar eller møteplassar som gir opplevingar og auka livskvalitet.
- Bygger opp det lokale engasjementet blant bebuar- og velforeiningar, frivillige lag og organisasjonar, eldsjeler og andre aktørar i Hillevåg.
- Styrkar dugnadsinnsats, kjensla av å høyra til, gleda i eige nærmiljø, samhald og lokalt engasjement i kommunedelen.
- Tiltak som blir gjennomført raskt og skaper aktivitet i Hillevåg.
- Tiltak som er særleg retta mot sårbare grupper, fellesskap og grøne innslag er ekstra positivt.
Kor mykje pengar kan ein søka om?
Mindre beløp på kr 3000, 5000 og 10 000 er lettare å få ja på. Søknader om 25 000 kroner eller meir bør grunngivast grundig og treffa formålet med tilskotet svært godt. Alle tildelingar kan bli mindre enn det blir søkte om. Det blir ikkje gitt støtte til drift eller lønn. Det blir ikkje gitt støtte som blir lagd av som sparing til eit større tiltak. Støtte har ikkje tilbakeverkande kraft for tiltak som allereie har funne stad ved utbetalingstidspunkt.
På dette kartet kan du zooma deg inn og sjå kven vi har gitt støtte til tidlegare:
Kven kan søka?
Innbyggarar, bebuar- og velforeiningar, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre som ønsker å bidra til eit betre nærmiljø på Hillevåg kan søka om tilskot.
Er du ein enkeltperson med ein god idé til ein nabolagsaktivitet? Eller ei gruppe som allereie arrangerer gatefestar eller jamleg samlar dokker på leikeplassen til nabolaget? Kva med å oppretta ei velforeining!
Ei velforeining består av naboar som ønsker å skapa eit godt nabolag. Saman kan dokker til dømes arrangera ulike aktivitetar som påskeeggjakt, utekino, eller oppretta nabolagshagar. Aktivitetane kan dokker som velforeining søka tilskot til.
Slik søker du
Midlane blir lyste ut fleire gonger i året som eit ledd i områdesatsinga på Hillevåg. Søknadsfristane i 2023 er 1. februar, 1. mai, 1. september og 1. november. Søknadsskjema finn du her.
Dersom det er fysiske tiltak, må det komma frami søknaden at grunneigar støttar tiltaket.
Søknadene blir behandla 1–2 veker etter fristen. Vi sender ut svar så snart som mogleg i etterkant av behandling, seinast 5 veker etter søknadsfristen.
Kontaktinformasjon

Nina Tunge-Kvamme
Leder av Hillevåg frivilligsentral
- Telefon:
- 51 50 88 58
- E-post:
- nina.tunge-kvamme@stavanger.kommune.no