PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Forurenset grunn

Forureina grunn

KORT FORTALD

  • Ein del stader i Stavanger kan jorda vere forureina av kjemiske stoff.
  • Dersom du skal grave eller byggje må du undersøkje dette nærare.
  • Viss grunnen er forureina må ein lage ein plan for å handtere forureininga.

Information in other languages

Kva må ein gjere?

Den som skal byggje eller grave, har plikt til å vurdere om det kan vere forureina grunn i området. Ut frå staden sin historie og tidlegare aktivitet i området kan ein danne seg eit bilete.

Viss ein antek eller mistenkjer at grunnen er forureina, må ein undersøkje nærare. Ansvaret ligg på tiltakshavaren, som kan vere grunneigar, entreprenør eller utbyggjar.

Dersom det syner seg at grunnen er forureina, må tiltakshavaren lage ein plan for korleis forureininga skal bli handtert. Planen må sendast på e-post til Stavanger kommune ved avdeling for klima og miljø. Kommunen stiller krav og set vilkår som tiltakshavaren må følgje.

Kvar kan grunnen vere forureina?

Stavanger kommune har laga eit kart som viser kvar det er sannsynleg at det er forureining i grunnen. Kartet kallast «varsemdkart» fordi det viser kvar ein må vere varsam eller merksam viss ein planlegg å grave eller byggje.

Miljødirektoratet har òg samla informasjon frå kartlegging og registrering av forureiningssaker som styresmaktene kjenner til. Denne informasjonen finn du på nettstaden grunnforurensning.no

Varsemdkart

Rettleiing og regelverk

Varsemdkart for Stavanger 

Oversikt over grunnforureining frå Miljødirektoratet

Forskrift om avgrensing av forureining, kapittel 2

Har du spørsmål, kontakt oss

Stig Magne Hordnes
rådgjevar, klima og miljø

Mobil: 932 38 596, telefon: 51 50 77 76
E-post: stig.magne.hordnes@stavanger.kommune.no

Aleksandra Nagi
rådgjevar, klima og miljø - renovasjon

Mobil: 957 78 743, telefon: 51 50 76 98,
Epost: aleksandra.jolanta.nagi@stavanger.kommune.no