PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Samfunnsutvikling
  3. Prosjekter
  4. Språkarbeid i Stavanger kommune

Språkarbeid i Stavanger kommune

Offentleg tilsette har eit spesielt ansvar for å skrive så folk forstår, derfor har Stavanger kommune sett i gang eit stort klarspråk-prosjekt som involverer alle tenesteområda.

Information in other languages

Kva er klarspråk?

Med klarspråk – eit klart språk – meiner vi korrekt språk som er tilpassa dei som skal lese teksten.

Å uttrykkje seg klart betyr ikkje alltid å bruke enkle ord og uttrykk, som kan gjere språket unyansert og fattig. Ikkje alle tekstar kan vere enkle eller fri for fagspråk. Det viktige er at teksten er tilpassa mottakaren, til dømes ved at vi forklarer vanskelege faguttrykk vi må bruke.

Klarspråk er eit av kommunens prioriterte satsingsområde

Klarspråk har vore eit av kommunens prioriterte satsingsområde sidan 2011. Målet for språkarbeidet til kommunen er å byggje ein kultur for klar og forståeleg formidling i heile organisasjonen. 

Kravet om eit klart og forståeleg språk er nedfelt i dei overordna planane til Stavanger kommune og strategiar. I 2009 vedtok bystyret ein kommunikasjonsstrategi som forplikta kommunen til å innarbeide klarspråk i heile organisasjonen.

I første omgang har vi prioritert å forbetre språket i brevmalar og andre standardskriv som blir sende ut til innbyggjarane. Langt over 100 kommunale standardtekstar har fått nytt og klarere språk. I tillegg har mange tilsette i ulike fagavdelingar delteke på skrivekurs.

Dei siste åra har vi jobba mykje med dei overordna dokumenta til kommunen (planer, strategiar, saksframlegg osb.). I samband med dette vart det utarbeidd ein rapport, og arbeidet har fått nasjonal merksemd.

Stavanger kommune er språknøytral

Det betyr mellom anna at tilsette i kommunen sjølv kan velje om dei vil skrive nynorsk eller bokmål. Kommunen har sett i gang eit arbeid for å styrkje nynorsken i Stavanger kommune.

Språkprofil

I 2012 fekk kommunen sin eigen skriveveilder (språkprofil) for å hjelpe dei tilsette å skrive klare og korrekte tekstar. Stavanger kommune har sidan hjelpt mange andre kommunar i gang med språkarbeid, mellom anna med utarbeiding av eigne språkprofil. I 2020 kom språkprofilen i oppdatert utgåve, på bokmål og nynorsk

Prislønte arbeid med språk

Stavangers arbeid har vorte lagde merke til av fleire. Kommunen vart, som den første i landet, tildelt den nasjonale Klarspråkprisen av kommunal- og moderniseringsdepartementet i februar 2017.

 

Kontakt oss om klarspråk

Kristin Høie Walstad

spesialrådgiver i kommunikasjonsavdelingen

Telefon:
51508584,91372388
E-post:
kristin.hoie.walstad@stavanger.kommune.no