Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Sosialtjenester
  3. Sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp

Kort fortalt

  • Dersom du ikkje kan forsørgje deg sjølv kan du ha krav på økonomisk stønad til livsopphald. 
  • Du får hjelp via Nav-kontoret ditt. 

Information in other languages

Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp skal sikre deg hjelp til livsopphald. Med dette blir meint pengar til mat, husleige, straum og anna som kan reknast som livsnødvendigheiter. I nokre tilfelle kan garanti eller kommunalt lån vere aktuelt. 

Søk elektronisk

Du som er folkeregistrerte eller har mellombels adresse i Stavanger (registrert på nav.no/dittnav) kan søkje økonomisk sosialhjelp elektronisk på www.nav.no

Dersom du har søkt elektronisk, kan du følgje behandlinga av di sak digitalt. Du kan sjå når Nav har fått søknaden din, når den er under behandling og når den er ferdigbehandla. Du vil òg kunne sjå om saksbehandlar har bede om meir informasjon, informasjon om utbetalingar og du vil finne vedtaksbrevet ditt. Denne løysinga er framleis under utvikling.   

Vegvisar om sosiale tenester i Nav

På denne lenkja finn du Stavanger kommune dei rettleiande satsane sine for økonomisk stønads- sosialhjelp for 2021.

Søknadsskjema for sosialhjelp

Du kan òg søkje om økonomisk sosialhjelp på papirskjema som du finn her:

Økonomisk sosialhjelp

Klage på vedtak om sosialhjelp

Du kan klage på vedtak om sosialhjelp. Det finst ikkje eit eige skjema for å klage, men det er viktig at du skriv kva i vedtaket du er usamd i og kvifor.

Klaga skal sendast til Nav-kontoret som har behandla søknaden din. Frist for å sende inn klage er normalt tre veker etter at du har fått vedtaket. Nav-kontoret kan hjelpe deg med å skrive klaga.

Aktivitetstilskot til barn og unge

Ta kontakt med Nav-kontoret ditt dersom du ønskjer å søkje aktivitetstilskot.

Stavanger kommune har fem Nav-kontor. 
Telefonnummer: 55 55 33 33

Nav-kontora, med unntak av Nav Rennesøy og Finnøy, er samlokalisert med dei fire helse- og velferdskontora i Stavanger og har felles publikumsmottak.

Kontaktinformasjon: