Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Veg og trafikk
  3. Klipp hekk

Klipp hekkar og buskar

Kort fortalt:

  • Buskar og tre på eigedommen din skal ikkje vekse ut over fortau og veg.
  • Før skulestart om hausten er det ekstra viktig at du har klipt hekken.
  • Ved kryss og avkøyringar skal hekkar og buskar ikkje vere høgare enn ein halv meter.
  • Du kan bestille henting av greiner og hekkeklipp gratis.

Information in other languages

Tegning av farlig situasjon

Tegning av farlig situasjon
Stavanger kommune

Krav til sikt på eigedommen din

Reglar for trafikksikker vegetasjon

  • Klipp hekkar og buskar slik at dei ikkje veks ut over eigedomsgrensa di.
  • Ved kryss, avkøyringar og svingar, som krev fri sikt, skal vegetasjonen ikkje vere høgare enn 50 cm. Også når det har snødd. Små barn rundt hjørnet må vere synlege for bilistar og syklistar.
  • Fotgjengarar, rullestolbrukarar, syklistar og andre må ikkje tvingast ut i vegbanen på grunn av vegetasjon.
  • Hekk, buskar og tre skal ikkje skjule trafikkskilt, veinavnskilt, signalanlegg eller gatelys.
  • Trafikantar, utrykkingskøyretøy, renovasjonsbilar og vedlikehaldsmaskiner må ikkje bli hinderet av greiner eller vegetasjon som gjer vegen smalare.
  • Greiner frå tre over fortau, gang- og sykkelveg og sykkelfelt må henge minst 3,0 meter over bakken. Fri høgd over køyreveg skal vere minst 5,0 meter. 
  • Du må rydde opp greiner som knekk og fell ned, og etter at du har klipt hekken.
  • Last ned rettleiaren vår om hekkeklipping her (15 mb)

Bli kvitt hekkeklipp og greiner gratis

  • Du kan bestille gratis henting av hageavfall på www.hentavfall.no. Det kan vere nokre vekers venting på henting.
  • Du kan òg levere hageavfall gratis på miljøstasjonen på Forus. Brukar du sekker til avfallet, skal dei vere gjennomsiktige.

Kva skjer viss du ikkje klipper trafikkfarleg hekk?

Viss hekkar og buskar ved fortau og veg ikkje blir klipt godt nok, kan kommunen påleggje grunneigaren å klippe.  

Dersom du ikkje er i stand til å klippe sjølv

Om du ikkje klarer å klippe hekken sjølv kan du ta kontakt med ein entreprenør som kan gjere jobben for deg.

Når hekken til naboen er problemet

Naboar som minner kvarandre vennleg om å klippe trafikkfarleg vegetasjon, er gode naboar. Kommunen kan ikkje ta nabopraten for deg, dersom du meiner ein hekk eller buskar i nabolaget må klippast. Slike utfordringar skaper mindre konflikt når dei blir løyste over hagegjerdet... eller over hekken.

Hekkane til kommunen og buskar

Sjølv om vi gjer vårt beste for å feie for eigen døyr (klippe for eigen hekk), hender det at kommunen må minnast på at vegetasjonen langs vegar og fortau må klippast, særleg når vegetasjonen veks ekstra raskt. På meldingstenesta VOF kan du melde frå om hekkar og buskar kommunen bør klippe. Takk for hjelpa!

Nokre gonger er vegetasjonen langs vegen Statens vegvesen eller Rogaland fylkeskommune sitt ansvar. Då sender vi varselet vidare til dei.

Kontakt oss viss du har spørsmål

Dersom du har spørsmål kan du kontakte Innbyggerservice på telefon 51 50 70 90 eller e-post innbyggjarservice@​​stavanger.kommune.no