PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Veg og trafikk
  3. Mellombels trafikkskilt

Mellombels trafikkskilting

Kort fortalt

  • Planlegg du å grave eller setje opp stillas eller riggområde i kommunale gater og vegar, må du sende inn arbeidsvarsling med skiltplan i god tid før arbeidet skal starte.
  • Arbeidet kan ikkje byrje før skiltplanen er godkjend.
  • På denne sida finn du skjema for arbeidsvarsling, prisar for leie av kommunale trafikkareal og informasjon om kvar søknaden blir send.

Information in other languages

Mellombels skilting

Mellombels skilting skjer når skilt blir sett ut i samband med arbeid i kommunale vegar. Då har byggherren ansvar for å utarbeide ei arbeidsvarsling med skiltplan, som blir send til Stavanger kommune for godkjenning. Ofte gjer entreprenøren dette på vegner av byggherren.

Arbeidet kan ikkje starte før skiltplanen er godkjend. Regn med opp til behandlingstida til fem arbeidsdagar. Jo meir omfattande arbeid og jo meir trafikkert gate, og jo meir informasjonarbeid anleggsarbeidet krev frå kommunens side, jo lengre tid treng kommunen på å vurdere og godkjenne skiltplanen.

Stavanger kommune behandlar mellombelse skiltplanar for kommunale trafikkareal. Skiltplanar for fylkesvegar, riksvegar og Europaveier skal byggherren/entreprenøren sende til Statens vegvesen. 

Stillas, lift, konteinar og riggområde på kommunal grunn

Det må òg søkjast om løyve i ei arbeidsvarsling når du vil etablere dette på kommunalt areale:

  • riggområde
  • konteinar
  • lift
  • stillas

Slik sender du arbeidsvarsling

Bruk skjemaet til kommunen for arbeidsvarsling (excel-fil) til å søkje om å få setje opp mellombels skilting i eller ved kommunale vegar.

Legg utfylt søknad (excel-filen) inn som vedlegg i e-post, som du sender til arbeidsvarsling@stavanger.kommune.no.

Pris for leie av kommunale areal

Aktørar som har behov for større eller mindre riggareal, plassering av konteinar og stillas og liknande på kommunal grunn, betaler leie til kommunen. Prisen er kr 2 pr m2pr døgn.

Dette notatet gjer greie for prosedyrane til kommunen knytt til ordninga.

Skilt som viser til private verksemder

Du kan søkje om å få vegskilt som viser til den private verksemda di. Bruk elektronisk søkeskjema for visning til verksemder.

Søknaden vil bli behandla etter reglar i Statens vegvesens handbok N300 del 5. Skiltet skal vere utforma som offentleg normert skilt og teksten skal i utgangspunktet ikkje innehalde namnet eller firmalogoen for verksemda.