PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Veg og trafikk
  3. Stavanger på sykkel
  4. Utleie og bruk av sparkesyklar i Stavanger

Utleie og bruk av el-sparkesyklar i Stavanger

Kort fortalt:

  • Tre firma har avtale med Stavanger kommune om å leiga ut el-sparkesyklar frå kommunale areal i byen.
  • Du som brukar syklane må setja dei frå deg slik at dei ikkje er i vegen for andre.
  • Vil du melda om utleige-sparkesyklar på avvegar, gå til Varsle om feil.
  • Utleie-sparkesyklar som blir plasserte ut på kommunale areal utan avtale med kommunen, blir fjerna for rekninga til eigaren.

Information in other languages

noen sparkesykler oppstilt på fortau

"Saktesone" og "Ingen parkering" under festivalar

Under store arrangement, som til dømes under Gladmat-festivalen, ONS, Nordic Edge og på 17. mai, kan det innførast reguleringar på fart og parkering på utleige-syklane i bykjernen. Det blir i forkant vurdert av arrangementa og blir avgjort av omsyn til tryggleik. Dette vil vera tema i jamlege dialogmøte mellom kommunen og leverandørar.

Under Gladmaten i 2022 var dette saktesona:

sakte sone i vågen

 

Desse selskapa driv med utleige i Stavanger

Tre leverandør, Tier, Ryde og Voi driv no utleige av sparkesyklar på kommunal grunn, etter å ha inngått avtale med Stavanger kommune. Kvar leverandør kan ha utplassert inntil 250 syklar i byen. 

Forsøk på utleige av el-sparkesyklar frå kommunal grunn utan avtale med kommunen, vil føra til at kommunen fjernar syklane for rekninga til leverandøren.

Spørsmål om bruk og betaling

Vil du spørja om eller klaga på bruken, betalinga eller plasseringa av sparkesyklane, kontaktar du leverandørane:

Kontakt Tier

  • Opplever du problem eller har spørsmål om korleis du brukar syklane, kontakt Tier kundestøtte på 23 50 65 74 (måndag–fredag kl. 08–20) eller e-post support@teier.app.
  • Du kan også kontakta Tier på e-post for førespurnadar om feilparkerte eller henslengte sparkesyklar og andre førespurnadar direkte knytt til Tiars drift i Stavanger
  • Sjå meir på Tiers nettsider. (engelsk)

Kontakt VOI

Kontakt Ryde

Finn du sparkesyklar på avvegar?

Leverandørane har forplikta seg til å henta inn og omplassera sparkesyklar som har stått i ro i to døgn.

Vil du melda frå om sparkesyklar som står lét etter seg eller ligg slunge stadar der dei ikkje skal ligga, kontakt leverandøren. Sjå kontaktinfo ovanfor. Du kan også melda frå på VOF:

  1. Gå til varsleomfeil.no (VOF)
  2. vel "Sykkel" og merk av i kartet der sparkesykkelen er
  3. Vel "El-sparkesykkel feilparkert" frå menyen over typar feil.

Utsnitt av skjermbilde fra varsleomfeil.no
Velg dette på VOF for å melde om utleie-sparkesykkel på avveie. (Menyen ser litt ulik ut på en pc, dette er fra mobilversjonen).

Du kan legga ved kommentar, bilete og om du vil ha tilbakemelding på kva som skjer med saka, før du får sjå meldinga du har laga og kan senda den inn. 

Krav til utleigarane og sparkesyklane

Retningslinjene utleigarane har godtatt seier blant anna:

  • El-sparkesyklane skal vera deaktiverte, og dermed ikkje vera moglege å bruka, mellom midnatt og kl 05.00. (I avtalen står det at dei skal hentast inn om natta. Gjeld ikkje inntil vidare på grunn av korona-epidemien.)
  • Syklane skal ikkje utplasserast når det er fare for snø eller is.
  • Syklane skal vera utstyrte med teknologi for å kunna avgrensa bruken av syklane geografisk (geofencing), til dømes i parkar og gågater.
  • Syklane skal vera utstyrte etter dei krava som lovverket stiller til syklar, med blant anna bremsar, ringeklokke og lys framme og bak.
  • Leverandøren forpliktar seg til å følga avgrensingane for utleige og bruk, og fortløpande innarbeida justeringar kommunen bestemmer.
  • Leverandøren skal informera kundane om trafikkreglane og korleis syklane skal brukast på ein trygg måte.
  • Leverandøren skal instruera brukarane om korleis syklane skal parkerast, slik at det blir god plass for gåande, rullestolbrukarar, barnevogner og andre å passera.
  • Leverandøren skal sjølv følga trafikkreglane i drifta av tenesta. Til dømes skal bilar som blir brukte i drifta ikkje stansa i sykkelfelt og på fortau. Dei skal ikkje køyra på sykkelvegar eller i parkar og friområde.
  • Leverandøren skal fortløpande fjerne øydelagde og defekte syklar, rydde vekk syklar som hindrar annan ferdsel og fjerne syklar som er forlatne i sjøen, i parkar, i friområde, på strender og andre stadar der sparkesyklane ikkje skal vera.

Følg lenka ovanfor for å lesa fullstendige retningslinjer.

Reglar og råd for deg som brukar el-sparkesykkel

Frå 15. juni 2022 gjeld nye nasjonale reglar for bruk av el-sparkesykkel og andre små elektriske køyretøy (ståhjuling, ståhjuling, airwheel, elektrisk rullebrett, løparhjul).

Nokre av reglane:

  • 12 års aldersgrense
  • Påbode med hjelm for barn under 15 år
  • 0,2 promillegrense
  • Fartøyet er klassifisert som lita elektrisk motorvogn, ikkje lenger sykkel, og det betyr strengare trafikkreglar enn for syklistar.
  • Straff og bøter ved køyring i ruspåverka tilstand
  • Krav om ansvarsforsikring for køyretøyet.

Sjå alle reglane:

tar du ansvar på elsparkesykkel, gjer du også dette:

  • Set frå deg sparkesykkelen slik at han ikkje er i vegen for andre, til dømes blinde og svaksynte, og dei som brukar rullestol.
  • Køyrer sakte og forsiktig nær folk, særleg barn, for det er ikkje lett å høyra at du kjem.
  • Brukar ikkje el-sparkesykkel når du har drukke alkohol.
  • Brukar hjelm, ta med heimanfrå når det er mogleg du skal bruka sparkesykkel.

Klikk på biletet for større versjon, skriv gjerne ut plakaten og heng opp heime:

Regler for el-sparkesykler - 2021