Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Bolig og bygg
  3. Feiing
  4. Brannsikring i trehusbyen

Brannsiking av trehusbyen

Kort fortalt:

  • Kommunen jobbar spesielt for å hindra at det oppstår brann i den gamle trehusbyen.
  • Det er der faren er størst for at ein brann kan utvikla seg til bybrann.
  • Huseigarane har ansvar både for å sikra eigne hus mot brann og for å bidra til at en brann ikkje spreier seg til andre bygg.

Information in other languages

Brannmenn i korga til en brannbil, midt i røyken over et hus som brenner i mørket

Område med spesiell risiko for bybrann

Innsatsområdet for arbeidet som skal førebygga bybrann er den eldste delen av trehusbusetnaden i og rundt sentrum.

Der er risikoen størst for at eit tilløp til brann kan spreia seg og bli til storbrann med store øydeleggingar. Husa ligg tett i smale gater og bratte bakkar. Det er vanskeleg å koma til med sløkkeutstyr fleire stadar, og delar av området representerer store verneverdiar som er viktige å sikra for ettertida. 

Innsatsområdet er merkt gult og svart på kartet:

Kart over trehusbyen
Trehusbyen i Stavanger og periodene den ble bygget i. Innsatsområdet for brannsikkerhetsarbeidet er bebyggelsen merket gult og svart, som ble bygget fram mot rundt 1884.

Brannsikkerheitsplan for trehusbusetnaden

I brannsikkerheitsplanen for trehusområda i Stavanger (PDF) har kommunen samla prosjekt og tiltak som skal hindra at ein brann utviklar seg til ein øydeleggande storbrann.

Planen blir revidert annakvart år. Stavanger kommune samarbeider tett med Rogaland brann og redning i arbeidet. Vi søker òg bistand og råd frå byantikvar, fylkeskonservator, Riksantikvaren, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og andre ved behov.

Kva kommunen gjer for å hindra bybrann

Døme på konkrete tiltak som er sett i verk for å førebygga og forhindra bybrann:

  • Smale brannbilar for tronge bygater, med utstyr spesielt eigna for gammal og tett busetnad.
  • Sprinklaranlegg i sjøhusrekka på Skagenkaien og bygningar i Søregata.
  • Nye renovasjonsordningar som gjer at søppelspann ved husveggar er fjerna.
  • Fleire varmekamera som overvaker og varslar om moglege branntilløp.
  • Forbod mot fyrverkeri i trehusbyen.
  • Informasjons- og haldningskampanjar.

Tidlegare har kommunen også gitt støtte til huseigarar i dei eldste delane av trehusområda som installerer direkte varsling til brannvesenet.

Huseigarane sitt ansvar for å hindra brann

Det viktigaste tiltaket mot brann og bybrann er åtferda og haldningane til huseigarane og bebuarane. Sørger du for at det ikkje oppstår brann, set du helIer ikkje den gamle trehusbyen i fare. Det er det spesielt viktig at gode råd for ein brannsikker kvardag blir følgd.  

Slik førebygger og sløkker du brann. (Lenke til DSB)

Kontaktinformasjon

Georg Kalland

branningeniør, koordinerer brannsikkerhetsarbeidet i trehusbyen

Mobil:
482 26 938
Telefon:
51 50 85 44
E-post:
georg.kalland@stavanger.kommune.no