- Kulturplanen skal gjelde fram til 900-årsjubileet i byen i 2025 og kulturplanen kan du lese her: kulturplanen.stavanger.kommune.no
- Kulturplanen vart vedteken i Stavanger bystyre måndag 27. mai 2019.
- Protokoll med vedteke endringsforslag finst i saka som følgjer kulturplanen.
Kulturplanen 2018-2025
Kort fortalt
Information in other languages

Kulturbyen Stavanger 2018-2025
Saman skaper vi ein levande kulturby er visjonen for kulturbyen Stavanger fram mot 2025. I ein levande kulturby har alle innbyggjarar tilgang til gode kulturelle opplevingar, og kunst- og kulturlivet har gode vilkår for å kunne bidra til dette.
Kunst- og kulturaktivitet er mangfaldig og treng eit spekter av arenaer og arrangørar som kan vareta dette. Kulturplanen viser breidda i kulturbyen Stavanger og dei mange institusjonar og aktørar som bidreg til å skape den levande kulturbyen.
Kulturplanen peiker ut felles satsingar for heile kulturbyen gjennom seks perspektiv. Dei tek opp i seg viktige tema som ytringsfridom, kultur gjennom livsløpet, talentutvikling, bransjeutvikling, ny teknologi og attraktivitet.
Innspel frå høyring hausten 2018
Kommunalutvalet behandla høyringsutkastet 12.06.2018 og vedtok å leggje planen ut på høyring med enkelte endringar.
Alle høyringsfråsegner og vurderinga til rådmannen av høyringsinnspel kan du lese i saka som følgjer behandlinga til annan gong av kulturplanen.
Bakgrunnsdokument og planar
Her finn du bakgrunnsdokument for arbeidet med kulturplanen:
Kontaktinformasjon
Marita Aksnes
Rådgiver
Litteratur, musikk, Akropolis-visjonen
- Mobil:
- 916 01 925
- E-post:
- marita.aksnes@stavanger.kommune.no

Kristina Ehrenberg-Rasmussen
Kultursjef
- Mobil:
- 926 32 538
- E-post:
- kristina.ehrenberg-rasmussen@stavanger.kommune.no