Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Kultur
  4. Kulturtilskudd
  5. Tilskot til kulturverksemder

Tilskot til kulturverksemder

Kort fortalt

  • Søknadsfrist: Fredag 17. september 2021. 
  • Kulturavdelinga inviterte til ope digitalt dialogmøte om den nye ordninga torsdag 9. september kl. 12. Her kan du sjå møte i opptak.
  • Søknaden gjeld tilskot for 2022. 
  • Med kulturverksemder blir meinte helårsarrangører, festivalar, musikkensemble, frie scenekunstgrupper/kompani, øvingsfellesskap, felles produksjonslokale og organisasjonar for nettverk og bransje innan det frie feltet som ikkje får kommunalt driftstilskot.
  • Minste søknadsbeløp er kr 50 000. For søknader under kr 50 000 gjeld ordninga Tilskudd til profesjonelle kunst- og kulturtiltak.

Information in other languages

Om den nye ordninga

Den nye ordninga Tilskudd til kulturverksemder vart vedtekne av utval for kultur, idrett og samfunnsdialog 2. juni 2021. 

Les saksframlegget her: Politiske møte - Møter - Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog (02.06.2021) - Fjernmøte (opengov.cloudapp.net)

Den nye ordninga erstattar følgjande tidlegare ordningar:

  • Festivalar og større arrangement
  • Kulturarrangørar
  • Ensemblestøtte
  • Produksjonsfellesskap
  • Aktørar som har fått driftsstøtte frå UKIS sin disposisjonskonto

Formål med ordninga

Formålet med ordninga Tilskudd til kulturverksemder er å stimulere til at kulturverksemder kan utvikle og formidle eit mangfaldig og variert program innan ulike kunst- og kulturuttrykk for alle publikumsgrupper, inkludert barn og unge. Ordninga er òg retta mot verksemder som bidreg til å utvikle kunst- og kulturfelta gjennom nettverk, arenaer og infrastruktur for produksjon og formidling.

Ordninga skal bidra til å gi kulturverksemder føreseielege vilkår som sikrar utvikling, breidd og kvalitet i den kunstnariske og kulturelle produksjonen. Ordninga skal leggje til rette for at kunst og kultur som blir skapt lokalt, kan få eit større nedslagsfelt nasjonalt og internasjonalt.

Med kulturverksemder blir meinte helårsarrangører, festivalar, musikkensemble, frie scenekunstgrupper/kompani, øvingsfellesskap, felles produksjonslokale og organisasjonar for nettverk og bransje innan det frie feltet som ikkje får kommunalt driftstilskot.

Stavanger kommune vil leggje til rette for at publikum kan oppleve eit breitt og variert tilbod av kunst- og kulturopplevingar, og kulturverksemdene bidreg til å skape ein attraktiv kulturby.

Tilskotsordninga er forankra i kulturplanen til Stavanger kommune, og skal bidra til å nå hovudmåla:

  • Innbyggjarane i Stavanger skal kunne delta i, oppleve og skape kunst og kultur som inkluderer og engasjerer.
  • Aktørar og institusjonar skal ha føreseielege vilkår som sikrar utvikling, breidd og kvalitet i den kunstnariske og kulturelle produksjonen.
  • Kunst og kultur skal vere ei drivkraft i samfunnsutviklinga i Stavanger.

Budsjett for tilskotsordninga blir vedteken årleg i handlings- og økonomiplanen.

Kven kan søkje?

Tilskotsordninga er retta mot kulturverksemder innan dei profesjonelle kunst- og kulturfelta: visuell kunst, scenekunst, musikk, litteratur, kunst- og kulturkritikk, kulturarv, film eller andre tverrestetiske kunstarter. Søknader som inngår i Filmkrafts mandat, må rettast til Filmkraft.

Følgjande kan søkje:

  • arrangørar og andre kulturverksemder med program, aktivitet og produksjon gjennom året
  • festivalar som blir arrangerte årleg eller annakvart år
  • musikkensemble og frie scenekunstgrupper/kompani som kan vise til aktivitet gjennom året med produksjonar og prosjekt, og turnéverksemd regionalt, nasjonalt og ev. internasjonalt
  • øvingsfellesskap og felles produksjonslokale med faste leigetakarar/som tilbyr framleige
  • organisasjonar for nettverk og bransje med aktivitet gjennom året

Krav til søkjar:

  • Verksemda må vere registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistera.
  • Verksemda må ha adresse eller hovudvirke i Stavanger kommune.
  • Programmet for verksemdene, aktivitet og/eller formål må ha relevans for heile kommunen.

Ordninga gjeld ikkje for:

  • enkeltkunstnarar/enkeltpersonar
  • studentar under utdanning
  • kor, korps og kulturorganisasjonar
  • frivillige lag og organisasjonar

Kva kan kulturverksemder søkje støtte til? 

Tilskotet gjeld for kommande år.

I denne ordninga kan det søkjast støtte til:

  • program og programmering inkl. utgifter til produksjon, kunstnariske honorar og visning/formidling
  • utvikling av nye kunstnariske prosjekt og produksjonar
  • kompetansebygging, nettverk og samarbeid
  • faste drifts- og administrasjonsutgifter for gjennomføring av formålet for verksemda
  • marknadsføring og kommunikasjon
  • turnéverksemd nasjonalt og internasjonalt

I denne ordninga kan det ikkje søkjast støtte til:

  • innkjøp, investeringar og oppgradering av utstyr og arenaer
  • kompetansebyggende tiltak som er ein del av formell opplærings- eller utdanningsaktivitet
  • underskotsgarantiar eller tiltak som finn stad i innsamlingsøyemed

Generelle retningslinjer:

  • Arrangement skal vere opne for alle, og det er ein føresetnad at verksemda godkjenner bruk av følgjespersonbevis.
  • Dersom turnéverksemd inngår i søknaden, må det dokumenterast inngåtte avtalar om framferder, konsertar og visningar.
  • Kulturverksemder som får tilskot via denne ordninga, vil som hovudregel ikkje blir prioritert for tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak.

Minste søknadsbeløp i ordninga er kr 50 000. For søknader under kr 50 000 gjeld ordninga Tilskudd til profesjonelle kunst- og kulturtiltak.

Korleis søkjar du?

Søknaden skal sendast via elektronisk skjema.

Her kan du sjå døme på eit utfylt søknadsskjema og dei spørsmåla du må svare på. Merk at dette ikkje er ein ekte søknad. Tal er ikkje reelle og fritekstane er henta frå nettsidene våre.

Sjå òg opptak av dialogmøte om den nye ordninga med gjennomgang av kriterium, søknadsskjema osb.

I søknadsskjemaet vil du bli beden om å fylle ut informasjon om dette: 

  • Søkjaren
  • Organisering av verksemda
  • Drifta og aktiviteten for verksemda
  • Søknad og budsjett (nøkkeltal frå budsjettet)
  • Dokumentasjon (prosjektskildring, budsjett og andre vedlegg) - sjå meir informasjon under

Vedlegg kan vere i word-, PDF- eller excel-format, men må vere tilpassa A4-visning.

Ei verksemd kan berre sende éin søknad, og må samanfatte alle aktivitetane i denne. Dersom éi verksemd skal sende fleire søknader, må dette vere avtalt med kulturavdelinga i forkant.

Søknad/prosjektskildring skal vere på maks 5 sider og må innehalde:

  1. Mål og langsiktige planar (satsingar/endringar/utfordringar)
  2. Planar for søknadsåret, til dømes: 
    • Program
    • Utvikling av nye prosjekt/produksjonar
    • Kompetansebygging/nettverk/samarbeid
    • Turnéverksemd
  3. Målgrupper, formidling og kommunikasjon
  4. Grunngiving for tilskot frå Stavanger kommune

Retningslinjer for utforming av budsjett:

  • Budsjettet skal innehalde alle forventa utgifter knytt til verksemda, inkludert honorar og lønnskostnader.
  • Forventa inntekter skal spesifiserast, inkludert private og/eller offentlege tilskot og bidrag og eventuelle billett- og salsinntekter.
  • Budsjettet må gå i balanse.
  • Stavanger kommune kan ikkje vere einaste tilskotssytar.
  • Stavanger kommune kan ikkje fullfinansiere tiltak.

Andre vedlegg som kan vere relevante: 

  • CV
  • Dokumentasjon på turnéverksemd (stadfesting på avtalar, visningsstader osb.)
  • Det er ikkje nødvendig å leggje ved meldingar o.l.

Minste søknadsbeløp i ordninga er kr 50 000. For søknader under kr 50 000 gjeld ordninga Tilskudd til profesjonelle kunst- og kulturtiltak.

Ta kontakt med administrasjonen dersom du har spørsmål om søknaden.

Korleis blir søknaden behandla?

Det er éin årleg søknadsfrist. Søknadsfristen må overhaldast.

Søknadsfrist i 2021: Fredag 17. september  

Tilskotet gjeld for kommande år.

Tilskot blir gitt ut frå ei samla skjønnsmessig vurdering av søknad og budsjett der følgjande blir vektlagd:

  • faglege kvalifikasjonar og kompetanse i verksemda
  • kunstnarisk nivå og omfang i program, aktivitet og formidling
  • kunstnariske og kulturelle målsetjingar og ambisjonar for vidare utvikling
  • gjennomtenkte planar for formidling, marknadsføring og kommunikasjon
  • budsjett i balanse og breidd i finansiering (eigeninntening og regional, nasjonal eller privat medfinansiering)
  • gjennomføringsevne og oppnådde resultat førre år
  • gjeldande kulturpolitiske prioriteringar i Stavanger kommune, jf. formålet med ordninga

Ut over dette blir det lagt vekt på korleis verksemda bidreg til det samla kulturtilbodet i kommunen og relevansen til søknaden i forhold til formålet med ordninga. Andre omsyn som blir vektlagt i den samla prioriteringa er mangfald og sjangermessig breidd.

Eit eventuelt tilskot kan vere lågare enn omsøkt beløp.

Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog fattar vedtak i siste møte før jul med utgangspunkt i ei foreslått innstilling av kulturavdelinga.

Budsjett for tilskotsordninga blir vedteken årleg i handlings- og økonomiplanen.

Her kan du sjå tildelingane som vart gjorde i dei utgåande ordningane for 2021:

Utbetaling av tilskot

Kommunen utbetaler tilskotet etter stadfesting om gjennomføring og oppmoding om utbetaling. Tilsegn om tilskot fell bort dersom utbetalingsoppmoding ikkje er innsend innan 31. desember det året som tilskotet gjeld for.

Stavanger kommune har moglegheit til å be om innsyn og kontroll av løyvde kommunale midlar, jf. reglar for offentleg tilskotsforvaltning. Mottakar av tilskot pliktar å medverke, under dette skaffe etterspurd og relevant dokumentasjon.

Tiltaket skal gjennomførast i tråd med opplysningar gitt i søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet, under dette budsjett, må avklarast på førehand med kulturavdelinga.

Rapportering

Etter gjennomføring skal det sendast inn rapport og rekneskap via eige skjema som vil bli lagt til grunn for eventuelle seinare løyvingar.

Dersom tilskotet er over kr 200 000, er det krav om prosjektrekneskap som er stadfesta av uavhengig registrert eller statsautorisert revisor.

Tilskot som ikkje er utbetalt eller utbetalt tilskot, kan krevjast tilbake dersom tildelinga byggjer på feilaktige opplysningar frå søkjar, eller at tilskotet/delar av tilskotet ikkje er nytta etter føresetnadene, under dette at fastsette vilkår ikkje er oppfylt.

Det same gjeld dersom tilskotsmottakar ikkje har levert rekneskap og rapport innan fastsett frist, eller når rekneskapen ikkje blir rekna tilfredsstillande.

Klagetilgang

Du kan klage på vedtaket jf. forvaltningslovas §§ 28-36. Klagefristen er tre veker frå motteke svar. Du må då levere ein skriftleg grunngitt og signert klage og sende han til postmottak.ios@stavanger.kommune.no.

Klagesaker blir behandla av klagenemnda til Stavanger kommune.

Kontaktinformasjon

Jeanette Flåte Vikse

Rådgiver

Økonomi, kulturarv, Den kulturelle spaserstokken, priser og legat 

Mobil:
51 50 86 37
E-post:
jeanette.flate.vikse@stavanger.kommune.no

Stein Andreassen

Rådgiver 

Musikk, kulturarv, festivaler og større arrangementer, kulturarrangører

Telefon:
51 50 79 60
E-post:
stein.andreassen@stavanger.kommune.no

Stian Kristensen

Rådgiver kultur og Stavanger 2025.

Litteratur, scenekunst, film

Telefon:
458 59 286
E-post:
stian.kristensen@stavanger.kommune.no

Nina Osland

Rådgiver

Visuell kunst, scenekunst, film 

Mobil:
977 14 810
E-post:
nina.osland@stavanger.kommune.no

Maren Skoie

Rådgiver

Visuell kunst, litteratur, Stavanger kommunes kunstsamling, kunstnerboliger, kunst i offentlige rom

Mobil:
402 03 354
Telefon:
51 50 71 66
E-post:
maren.skoie@stavanger.kommune.no

Marita Aksnes

Rådgiver 

Litteratur, musikk, Akropolis-visjonen

Mobil:
916 01 925
E-post:
marita.aksnes@stavanger.kommune.no
Kristina Ehrenberg-Rasmussen

Kristina Ehrenberg-Rasmussen

Kultursjef

Mobil:
926 32 538
E-post:
kristina.ehrenberg-rasmussen@stavanger.kommune.no