Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Kultur
  4. Kulturtilskudd
  5. Tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak

Tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak

Kort fortalt

  • Tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak skal sikre ein brei produksjon og formidling av kunst og kultur i Stavanger.
  • Du kan søkje om prosjekt- og produksjonsstøtte, støtte til enkeltarrangement og reisestøtte ved deltaking nasjonalt og internasjonalt.
  • Søknadsfristar i 2021:
    • 20. april
    • 20. august
    • 20. oktober
  • Første søknadsfrist i 2022: 20. januar
  • Kulturavdelinga inviterte til digitalt dialogmøte om nye ordningar fredag 9. april. Les meir og sjå møte i opptak her.  

Information in other languages

Om ordninga

Formålet med tilskotsordninga for profesjonelle kunst- og kulturtiltak er å sikre ein brei produksjon og formidling av kunst og kultur i Stavanger. Stavanger kommune ønskjer å bidra til å styrkje produksjonsstøtta til kunstnarar og kulturarbeidarar innan visuell kunst, musikk, litteratur, scenekunst, kulturarv, kunst- og kulturkritikk eller andre tverrestetiske kunstarter.

Tilskotsordninga skal òg støtte opp om enkeltarrangement og formidling, og bidra til å fremje Stavangers kulturliv og kunstproduksjon gjennom nasjonal og internasjonal deltaking.

Gjeld søknaden din støtte til utvikling av eigen kunstnarisk praksis, fagleg fordjuping eller utforsking av nye metodar? Då kan du søkje stipendordninga

Skal du søkje om inntil kr 15 000? Då kan du søkje ordninga rask respons. Denne ordninga har ikkje søknadsfristar og kulturavdelinga behandlar søknaden fortløpande. Formål og krav til søknaden er tilsvarande denne ordninga. 

Når kan eg søkje og kor mykje kan eg søkje om?

Søknadsfristar 2021:

  • 20. april (fristen er gått ut)
  • 20. august (fristen er gått ut)
  • 20. oktober (fristen går ut ved midnatt)

Søkjar må overhalde søknadsfristen. Behandlingstid er ca. fem veker etter søknadsfristen.

Til søknadsfristen 20. oktober er det ca. kr 500 000 tilgjengeleg.

Budsjettet for tilskotsordninga i 2021 er kr 2 000 000. Budsjettet er vedteke av Stavanger kommunestyre.

Kultursjefen har fullmakt til å tildele inntil kr 50 000 til eitt tiltak, og kulturavdelinga behandlar søknaden. 

Dersom kultursjefen innstiller på tilsegn over kr 50 000, vil det bli oppretta ei sak som utval for kultur, idrett og samfunnsdialog behandlar. Behandlingstida blir då noko lengre. Sjå møtekalender for utval for kultur, idrett og samfunnsdialog.

Stavanger kommune kan ikkje fullfinansiere eit prosjekt. Eit eventuelt tilskot kan vere lågare enn omsøkt beløp.

Kven kan søkje?

Tilskotsordninga er retta mot visuell kunst, scenekunst, musikk, litteratur, kulturarv, kunst- og kulturkritikk eller andre tverrestetiske kunstarter. 

Både enkeltpersonar og grupper kan søkje.

Søkjar må vere knytt til Stavanger kommune gjennom virke eller bustad.

Ordninga gjeld for:

  • skapande og utøvande kunstnarar
  • kulturarbeidarar
  • ensemble, kompani og kunstnargrupper
  • kunst- og kulturorganisasjonar (under dette arrangørar og formidlingsaktørar)
  • andre kulturverksemder

Ordninga gjeld ikkje for:

  • Kulturinstitusjonar, -organisasjonar og -verksemder som får driftstilskot eller støtte frå andre tilskotsordningar i Stavanger kommune. Unntak kan gjerast for tiltak som ikkje er relatert til den ordinære drifta for verksemda.
  • Rene amatørtiltak. Det kan gjerast unntak for tilskot til samarbeidsprosjekt mellom amatørar og profesjonelle.
  • Studentar og personar under utdanninga til heiltid kan normalt ikkje få tilskot frå denne ordninga.
  • Skal du søkje om tilskot til arrangement i forsamlingskyrkjene, bortsett frå Stavanger domkyrkje, St. Petri og St. Johannes, må du bruke ordninga Kirkekulturell myldring.
  • Søknader som inngår i Filmkrafts mandat, må rettast til Filmkraft.

Generelle retningslinjer:

  • Du kan ikkje søkje om tilskot til same prosjekt i same prosjektfase frå fleire tilskotsordningar i Stavanger kommune.
  • Det blir ikkje gitt støtte til enkeltarrangement som har fått støtte gjennom andre ordningar i Stavanger kommune.
  • Du kan ikkje søkje tilskot til prosjekt som er avslutta.
  • Det blir ikkje gitt støtte til kompetansebyggende tiltak som kan reknast for å vere del av ordinær drift, eller som er del av formell opplærings- eller utdanningsaktivitet.
  • Det blir ikkje gitt støtte til underskotsgarantiar eller tiltak som finn stad i innsamlingsøyemed.

Kva kan eg søkje støtte til?

Du kan søkje støtte til:

  • Prosjekt- og produksjonsstøtte
  • Støtte til enkeltarrangement
  • Reisestøtte ved deltaking nasjonalt og internasjonalt

For søknad om prosjektstøtte og/eller produksjonsstøtte gjeld følgjande:

  • Tiltaket du søkjer støtte til, må ha eit gitt mål, eit avgrensa omfang, og ha ein definert tids- og kostnadsramme. Vi føreset at den kunstnariske produksjonen skal bli vist/gjort tilgjengeleg for publikum.
  • Du kan søkje om prosjektstøtte for kunstnarisk arbeid og/eller kunstnarisk produksjon for ein definert periode. I dette inngår den kunstnariske utviklingsprosessen og ev. administrasjon av produksjonen. I prosjektstøtte inngår òg forprosjekt.
  • Det må finnast ein plan for formidling av prosjektet/produksjonen der det kjem fram kva avtalar/intensjonsavtalar og samarbeid som er stadfesta. Dette gjeld for alle felt.
  • Ved søknad om støtte til produksjon med visningsavtale eller tilsvarande utanfor Stavanger, kan du få støtte til produksjonen dersom du har bu- eller arbeidsstad i Stavanger.
  • Dersom tiltaket har ei varigheit utover inneverande år, må du leggje ved budsjett for begge år.

For søknad om tilskot til enkeltarrangement gjeld følgjande:

  • Med enkeltarrangement meiner vi til dømes konsert, framsyning, seminar, mindre festivalar, utstillingar o.l. som skal gjennomførast i Stavanger kommune.
  • Du må ha ein avtale eller eit stadfesta samarbeid med arena og ev. andre samarbeidspartnarar.
  • Du må oppgi eit program og ein plan for formidling av arrangementet i søknaden.
  • Arrangement skal vere opne for alle og arrangør må godta følgjespersonbevis.

For søknad om reisestøtte nasjonalt og internasjonalt gjeld følgjande:

  • Du kan søkje om reisestøtte til deltaking i nasjonale og internasjonale prosjekt. Støtte om deltaking i nasjonale prosjekt gjeld utanfor Rogaland fylke.
  • Begripen deltaking inneber at ein har inngått avtale om utstillingar, konsertar, turnear, framsyningar, residensopphald, samarbeidsprosjekt og liknande.
  • Du må leggje ved avtale, invitasjonar eller bookingar ved profesjonelle visningsstader/scener o.l.
  • Du kan søkje om støtte til reise, opphald eller andre særlege utgifter knytt til forsikring, frakt o.l.
  • Sjå Statens reiseregulativ for utrekning av reisekostnader 
  • Vi oppmodar til å følgje det gjeldande reiserådet frå styresmaktene. Sjekk UDs reiseråd her

Tilskot til reiseaktivitet internasjonalt i 2021 vil ikkje bli prioritert så lenge det er reiserestriksjonar. 

Ta kontakt med kulturavdelinga i forkant dersom du planlegg å søkje om tilskot til reiseaktivitet internasjonalt i 2021.

Korleis søkjar eg?

Du må sende søknaden elektronisk skjema. Her oppgir du opplysningar om søkjar, tiltak og søknadssum.

Les rettleiing for tildeling av kulturtilskot før du fyller ut skjemaet.

Du må leggje ved følgjande vedlegg:

  • Prosjektskildring der du gjer greie for tiltaket du søkjar om, samarbeidspartnarar, avtalar, visningsstad/arena, ev. program og formidlingsplan.
  • CV som dokumenterer relevant utdanning/kompetanse/praksis. 
  • Budsjett som viser både forventa utgifter inkludert alle honorar og lønnskostnader, og forventa inntekter, inkludert billettinntekter og salsinntekter i tilknyting til tiltaket.
  • Det skal tydeleg komme fram kva andre finansieringskjelder det er søkt støtte frå (omsøkt beløp) eller motteke tilskot frå. Budsjettet skal gå i balanse.

Tekst i søknadsskjema, prosjektskildring og budsjett kan bli brukt i offentleg tilgjengelege saksframlegg. Du må derfor gi ei god og heilskapleg skildring av tiltaket.

Oppgi i søknaden dersom tiltaket du søkjer om, er tilpassa situasjonen under koronapandemien.

Tips til prosjektskildring og budsjett:

Korleis blir søknaden behandla? 

Kultursjefen har fullmakt til å tildele inntil kr 50 000 til eitt tiltak, og kulturavdelinga behandlar søknaden. 

Dersom kultursjefen innstiller på tilsegn over kr 50 000, vil det bli oppretta ei sak som utval for kultur, idrett og samfunnsdialog behandlar. 

Tilskot blir gitt ut frå ei samla skjønnsmessig vurdering der følgjande blir vektlagt:

  • Faglege kvalifikasjonar og kompetanse
  • Kunstnarisk nivå, målsetjing, potensiale og gjennomføringsevne
  • Eigenart og evne til nyskaping
  • Bidreg til eit variert og mangfaldig kulturtilbod for ulike publikumsgrupper
  • Budsjett i balanse og gjennomtenkte planar for marknadsføring
  • Anna finansiering
  • Gjeldande mål, satsingar og prioriterte område i Kulturplanen 2018-2025

Storleiken på innvilga tilskotsbeløp vil bli fastsett ut frå tilgjengeleg budsjett og ei skjønnsmessig vurdering og prioritering av søknadene som har komme inn.

Stavanger kommune kan ikkje fullfinansiere eit prosjekt. Eit eventuelt tilskot kan vere lågare enn omsøkt beløp.

Ufullstendige søknader og søknader som fell utanfor retningslinjene for ordninga, vil bli avvist. Søknaden kan òg bli avvist dersom du har late vere å rapportere for tidlegare tilskot. Dette gjeld frå og med innføring av ny ordning i april 2021.

Du kan klage på vedtaket jf. forvaltningslovas §§ 28-36. Klagefristen er tre veker frå motteke svar. Du må då levere ein skrifltig grunngitt og signert klage og sende han til postmottak.ios@stavanger.kommune.no.

Klagesaker blir behandla av utval for kultur, idrett og samfunnsdialog.

Krav om rapportering

Du må gjennomføre tiltaket i tråd med opplysningar gitt i søknaden. Dersom det oppstår vesentlege endringar i prosjektet, må du gi skriftleg beskjed til saksbehandlar for godkjenning. 

Etter gjennomføring må du sende inn rapport via eige skjema. Dette vil bli lagt til grunn for eventuelle seinare løyvingar. Du vil få informasjon om korleis du skal rapportere. Tilskot over kr 200 000 krev revisorgodkjent rekneskap.

Retningslinjer for ordninga er vedteken av utval for kultur, idrett og samfunnsdialog 03.02.2021. Ordninga skal evaluerast etter eitt år slik at den best mogleg kan treffe konkrete behov i kunst- og kulturfelta.

Kontaktinformasjon

Nina Osland

Rådgiver

Visuell kunst, scenekunst, film 

Mobil:
977 14 810
E-post:
nina.osland@stavanger.kommune.no

Stein Andreassen

Rådgiver 

Musikk, kulturarv, festivaler og større arrangementer, kulturarrangører

Telefon:
51 50 79 60
E-post:
stein.andreassen@stavanger.kommune.no

Stian Kristensen

Rådgiver kultur og Stavanger 2025.

Litteratur, scenekunst, film

Telefon:
458 59 286
E-post:
stian.kristensen@stavanger.kommune.no

Jeanette Flåte Vikse

Rådgiver

Økonomi, kulturarv, Den kulturelle spaserstokken, priser og legat 

Mobil:
51 50 86 37
E-post:
jeanette.flate.vikse@stavanger.kommune.no

Marita Aksnes

Rådgiver 

Litteratur, musikk, Akropolis-visjonen

Mobil:
916 01 925
E-post:
marita.aksnes@stavanger.kommune.no

Maren Skoie

Rådgiver

Visuell kunst, litteratur, Stavanger kommunes kunstsamling, kunstnerboliger, kunst i offentlige rom

Mobil:
402 03 354
Telefon:
51 50 71 66
E-post:
maren.skoie@stavanger.kommune.no
Kristina Ehrenberg-Rasmussen

Kristina Ehrenberg-Rasmussen

Kultursjef

Mobil:
926 32 538
E-post:
kristina.ehrenberg-rasmussen@stavanger.kommune.no