Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Gode miljøval i Stavanger
  5. Grønnere transport
  6. Heim for ein 50-lapp

Heim for ein 50-lapp

Frå den 20. august og ut 2021 kan ungdom ta nattbuss og taxi  heim til Finnøy for ein 50-lapp.

Information in other languages

Taxiholdeplass

Fra denne holdeplassen kan du ta taxi hjem til Finnøy og Rennesøy kommunedel.

Prøveprosjektet "Heim for ein 50-lapp" gjer det mogleg for ungdom å ta første nattbussen frå Stavanger sentrum, og bli transportert heilt heim. Tilbodet er primært for ungdom mellom 16 og 24 år.

Slik fungerer ordninga

  • Ta buss N89 med avgang 01:15 frå Stavanger sentrum.
  • Du må betale bussbillett som vanleg, men du kan bruke ungdomskortet på nattbussen.
  • Bussen kjem til Sokn bussterminal på Rennesøy klokka 01:41 der ein taxi står og ventar.
  • Maxitaxien har åtte passasjersete, men Covid 19-pandemien kan leggje restriksjonar på talet på sete.  
  • Du betaler 50 kroner for taxituren. Du kan betale med kort eller med Vipps.
  • Taxien vil køyre ein fast runde på Talgje og Finnøy med moglegheit til å køyre to til tre km inn i stikkvegar for å køyre deg heim.  
  • Taxien kan køyre lenger ut frå ruta enn tre kilometer, men kostnaden for dette vil belasta den einskilde passasjeren.  
  • Dersom det er plass i maxitaxien kan vaksne over 24 år sitje på. Taxituren vil koste 100 kroner for denne gruppa, og dei kan bestille mellom klokka 22:00 og 22:30 og vil få svar før siste båten til Judaberg går frå hurtigbåtterminalen klokka 23:00. 

Slik bestiller du

  • Det kan tingast plass i taxien frå måndag kvar veke. Du må bestille tur innan klokka 22 den dagen du vil reise.    
  • Bestillinga blir gjort direkte på e-post til taxiselskapet
  • Brukarane vil få ein e-post og sms med informasjon om dei har fått plass eller ikkje.  
  • Turen må avbestillast eit døgn før avgang dersom ein ikkje skal reise likevel.