Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Gode miljøval i Stavanger
  5. Grønnere transport

Grønare transport

kort fortald

  • I Stavanger kjem over ein tredel av klimagassutsleppa frå vegtrafikken.
  • Kommunen ønskjer å leggje til rette for at fleire vel miljøvenleg transport. 
  • På denne sida finn du informasjon om ulike moglegheiter, for privatpersonar og for bedrifter.

Information in other languages

Støtte til el-lastesyklar

For å redusere bilbruk i tronge sentrumsgater, og få ned dieseldriven varetransport i sentrum, gir Stavanger kommune støtte til bedrifter som skaffar og bruker elektriske lastesyklar i sentrum.

Kollektivtrafikk, bildeling og sykkelutleige

Bilkøyring fører til utslepp av klimagassar og helseskadelege stoff som nitrogenoksid (NOx) og svevestøv. I Stavanger kjem over ein tredel av klimagassutsleppa frå vegtrafikken. Det er eit mål å redusere desse utsleppa. 

Dersom alle lét bilen stå éin dag i veka, ville utsleppa bli reduserte med 20 prosent.

Her er nokre gode alternativ til privatbil: 

Du kan leie elektrisk sykkel på nettstedet bysykkelen.no
Du kan leie elektrisk sykkel på nettstedet bysykkelen.no

HjemJobbHjem 

HjemJobbHjem er ei ordning som skal gjere det lettare å komme seg til og frå jobb utan bil. Ordninga er retta mot bedrifter og offentlege verksemder på Nord-Jæren. Tilsette i ei HjemJobbHjem-bedrift kan kjøpe rabatterte 30-dagers-billettar til buss, tog og nokre båtruter i Rogaland, og alle får tilgang til bysykkelen, uavhengig av HjemJobbHjem-billetten.

Bedriftene må gjennomføre ei reisevaneundersøking blant dei tilsette, og lage ein aktivitetsplan ut frå resultata. Alle bedrifter i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg kan søkje om å bli ein del av HjemJobbHjem-ordninga.

Her kan du lese meir om ordninga.

Stavanger på sykkel

Stavanger på sykkel er satsinga til kommunen for å få fleire til å velje sykkel som transportmiddel i kvardagen. 

Finn sykkelruta di, hovudruter for sykkel i Stavanger og informasjon om sykkelparkering, bysyklar og vedlikehald av sykkelvegar.

Beintøft - bruk bein og ikkje bil til skulen!

Beintøft.no - aksjon for å få flere til å gå til skolen
Beintøft.no - aksjon for å få flere til å gå til skolen

Beintøft er ein kampanje som skal inspirere barn til å gå, sykle eller reise kollektivt til skulen. På dette viset får vi mindre forureining der vi bur, lufta blir reinare, området rundt skulen blir tryggare og det blir mindre CO₂–utslepp frå bilar.

Kvar haust blir barneskulane i byen invitert til ei tevling for å få flest moglege til å gå til skulen. Jo fleire i klassen som går i staden for å bli køyrd, desto større er sjansen for å vinne ein fin premie. 

Meir informasjon finst på nettsidene beintøft.no.

Elbil i Stavanger

I Stavanger finst det ladepunktet både på offentlege parkeringsplassar, i parkeringshus, på nokre kjøpesenter og hos bedrifter. Meir enn 400 ladepunkt er tilgjengelege for alle.

Europeisk mobilitetsveke og miljøsøndag

Miljøsøndag var ein viktig og populær del av den europeiske Mobilitetsveka i åra 2012-2019. Stavanger sentrum har då vore stengt for bilar og fylt med kjekke aktivitetar for familiar.

I 2020 vart Miljøsøndag avlyst på grunn av korona-pandemien, og i staden var det fleire mindre arrangement gjennom heile Mobilitetsveka. Også i 2021 er Miljøsøndag avlyst, grunna stor usikkerheit om høva til å halde store arrangement, men det blir igjen mykje aktivitet gjennom Mobilitetsveka.

Du kan lese meir om Miljøsøndag og Mobilitetsveka på www.miljøsøndag.no - der blir oppdatert informasjon lagt ut.