PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Piggdekk

Piggdekkgebyret er oppheva

Kort fortald

  • Det er ikkje lenger piggdekkgebyr i Stavanger. 
  • Piggdekkgebyret som vart innført som eit luftkvalitettiltak for å redusera piggdekkbruken er avslutta.
  • Sist vinter køyrde 91 prosent i Stavangerregionen med piggfrie dekk.

Information in other languages

Gebyr på piggdekk er oppheva

I kommunestyret 25. september 2023 vart piggdekkgebyret i Stavanger oppheva. Frå 2017 har dei som har køyrt med piggdekk betalt eit gebyr. Vinteren 2022/23 var siste sesong med piggdekkgebyr.

Piggdekkgebyret vart innført som eit luftkvalitettiltak for å redusera piggdekkbruken, og gebyrordninga var heimla i ei lokal forskrift. For å oppheva denne forskrifta måtte ho på høyring før Stavanger kommune søkte om å få den oppheva. Vegdirektoratet godkjende søknaden før opphevinga vart endeleg vedteke 25. september.

Talet på piggdekk halverte

Statens vegvesen har gjennomført piggdekkteljingar i byområdet Stavanger/Sandnes kvart år sidan 2001. I løpet av denne perioden har andelen piggfrie vinterdekk auka frå 68 til 91 prosent. 

– Piggdekkgebyr har vore eit veldig effektivt verkemiddel for å redusera piggdekkbruken og såleis redusera mengda svevestøv i lufta. Etter at gebyret vart innført i 2017, er piggdekkbruken meir enn halvert i Stavanger, fortel Jane Nilsen Aalhus, miljøvernsjef i Stavanger kommune.  

Les meir om førre teljing av piggdekk i byområdet Stavanger/Sandnes her.

Kor stort var gebyret?

Piggdekkgebyret var på:

  • 1400 kroner for heile vintersesongen, frå og med 1. november og fram til måndag éi veke etter påske
  • 450 kroner for ein kalendermånad
  • 35 kroner for eit døgn. Dette kjøpte ein frå 1. november, og det gjeld i 24 timar frå betalingstidspunktet
  • Storleiken på gebyret er fastsett av sentrale styresmakter. Det var det same også i Bergen, Oslo og Trondheim.

Kva gjekk pengane til?

Inntektene frå gebyret gjekk inn i eit klima- og miljøfond, og vart brukte til tiltak for reinare og friskare byluft:

  • 6,3 millionar kroner har vorte gitt i støtte til rundt 1300 bustadeigarar som skifta ut gamle vedomnar med nye, reintbrennande eldstader.
  • Gebyrpengar går også til ekstra reinhald på kommunale vegar med mykje trafikk om vinteren, for å avgrensa svevestøv i lufta. 200 000 – 400 000 kroner per vintersesong.
  • Det er kjøpt inn 50 fleire bysyklar og 100 bysykkel-ladestasjonar, som gjer det lettare for folk i Stavanger å komma seg raskt og greitt på kryss og tvers i kommunen utan bil.
  • 3 millionar kroner frå piggdekkgebyret har gått til støtte til mange burettslag og sameige i Stavanger som legg til rette for lading av el-bilar.
  • 1 millionar kroner av gebyrpengane finansierer  støtteordning til mellom anna bedrifter og barnefamiliar  som vil bruka el-lastesyklar i staden for bil til transport i Stavanger.
  • I 2021 gjekk omtrent 250 000 kroner gjekk til eit samarbeidsprosjekt med Naturvernforbundet for at fleire skal ta i bruk solenergi. 
  • I 2022 vart det løyvd pengar frå fondet til ei støtteordning for installering av varmepumper i private bustader.