PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Støtte til varmepumper

Støtteordning for varmepumper

Kort fortalt:

  • Stavanger kommune innfører igjen ei støtteordning for kjøp av varmepumper. Varmepumper er eit godt miljøtiltak, fordi dei effektivt reduserer straumforbruket. 
  • Eigarar av private bustadar i Stavanger kommune kan no søka om støtte til kjøp av luft-til-luft-varmepumpe. Denne ordninga gjeld ikkje for dei som søkte og fekk støtte i juli 2022.  
  • Du kan søka frå 5. oktober, og fram til klokka 12.00 den 25. oktober 2022. Her er skjemaet.
  • Viss det kjem fleire søknadar enn det er midlar til, blir det avgjort ved loddtrekking kven som får støtte. 
  • Dei som søkte førre runde og fekk godkjent søknaden, finn meir informasjon lengre ned på denne sida.  

Information in other languages

Kven kan søka om støtte?

  • Eigar av privat bustad i Stavanger kommune kan søka om støtte.
  • Eigaren av bustaden det gjeld, kan bu i ein annan kommune, men bustaden der varmepumpa skal installerast, må vera i Stavanger kommune.
  • Leigetakarar kan ikkje søka.
  • Viss du bur i burettslag eller sameige, bør du høyra med styret om det er lov å setja opp varmepumpe og kva reglar som gjeld.

Dette må du vita:

  • Du kan søka om støtte til kjøp og montering av luft-til-luft-varmepumpe. Desse kan installerast i alle typar bustadar utan at det trengst noka spesiell tilrettelegging av oppvarmingssystemet.
  • Varmepumpa må ha ein utedel og ein innedel.
  • Viss det kjem inn fleire søknadar enn det er midlar til, blir det gjennomført loddtrekking etter søknadsfristen. Alle søkarane får då skriftleg beskjed om dei er innvilga støtte eller har fått avslag.
  • Ordninga gjeld for varmepumper som blir installerte for oppvarming av private bustadar i Stavanger. Det kan til dømes vera einebustad, tomannsbustad, rekkjehus eller leilegheit.
  • Det blir berre gitt støtte til éi varmepumpe per bueining. Bueininga må vera godkjend som bustad av Stavanger kommune. Viss du søker om støtte til fleire bueiningar, må du senda éin søknad for kvar eining, og det må komma fram av søknadane kva bueining kvar av dei det gjeld for.
  • Viss du får godkjent søknad for varmepumper i fleire bueiningar, må du senda inn éi utbetalingsmelding for kvar av dei.
  • Du må ha inngått avtale om kjøp av varmepumpe hos godkjend forhandlar etter at ordninga blei innført første gong, det vil seia etter 1. juli 2022. Kjøp frå privatpersonar eller kjøp av brukt varmepumpe blir ikkje støtta.  
  • Varmepumpa må vera installert av godkjend montør som har eige registrert firma eller er tilsett i eit registrert firma. Vi tilrår at du inngår serviceavtale, sidan varmepumper krev vedlikehald. Eigenmontering er ikkje tillate.
  • Det kan vera nødvendig å oppgradera straumkapasiteten i bustaden. Kostnadar for dette blir ikkje dekt av denne støtteordninga.
  • Varmepumpa må vera plassert i tråd med retningslinjene til kommunen.

Kva blir ikkje støtta?

  • Ordninga gjeld berre for luft-til-luft-varmepumper.
  • Kommunen gir ikkje støtte til andre typar varmepumper, som luft-til-vann-varmepumper, væske-til-vann-varmepumper, avtrekksvarmepumper eller andre typar.
  • Det blir ikkje gitt støtte til fleire varmepumper i éin og same bueining.
  • Ordninga gjeld ikkje for hytter eller andre fritidsbustadar, garasjar eller for næringsbygg, og ikkje for bustadar eller andre bygg i andre kommunar enn Stavanger kommune.

Kor mykje gir kommunen i støtte? 

  • Støtta kan utgjera inntil 40 prosent av kostnadane for kjøp og montering av varmepumpa, men ikkje meir enn 6000 kroner per varmepumpe. Det vil seia at støtta blir på 6000 kroner viss kjøp og montering til saman kosta 15 000 kroner eller meir. 
  • Viss vilkåra for ordninga ikkje er oppfylt, har kommunen moglegheit til å trekka støtta tilbake. 

Korleis søkar du? 

  1. Søknadsskjemaet finn du på denne lenka: søknadsskjemaet. Logg deg inn via Bank-ID. Fyll ut og send inn.  Fristen for å søka er 25.10.2022 klokka 12.00. 
  2. Søknaden din blir registrert. Etter at søknadsfristen er gått ut og søknaden er behandla, får du svarbrev på om du får innvilga støtte eller ikkje.
  3. Ta vare på kvitteringane når du kjøper ny varmepumpe og får den installert. Fyll så ut detteutbetalingsskjemaetog legg ved kvitteringane. Det må komma fram av kvitteringane kva type varmepumpe som er kjøpt, dato for kjøp (levering) og firmanamn, namnet til kunden og på kva adresse ho er montert. 

Send inn utbetalingsskjemaet så raskt som mogleg, og seinast 1. april 2023. 

Viss varmepumpa blir kjøpt på avbetaling, må du legga ved dokumentasjon på avtala betalingsplan, og kvittering på at minst 6000 kroner er betalt når du sender inn utbetalingsskjemaet. Det finst forhandlarar som tilbyr gunstige betalingsordningar, som til dømes rentefri avbetaling. Frå slutten av oktober tilbyr også Lyse ei ordning med rentefri nedbetaling til straumkundane sine.

Når får du utbetalt støtta?

Etter at du har sendt inn dokumenta, vil saksbehandlinga normalt ta inntil åtte veker. Viss vi treng meir dokumentasjon, blir du kontakta på e-post eller telefon.  

Viss dokumentasjonen er i orden, set vi pengane inn på kontoen du oppgav i søknaden. Følg med på kontoen din – vi sender inga melding om utbetaling.  

Viss vilkåra for å få støtte ikkje er oppfylt, får du skriftleg beskjed om dette. 

Informasjon til deg som fekk innvilga støtte sommaren 2022 

For dei som søkte og fekk innvilga støtte i juli 2022, gjeld desse vilkåra: 

  • Søkarar som fekk innvilga støtte sommaren 2022 kan ikkje få ny støtte til same bueining. Det gjeld også sjølv om du ikkje har kjøpt varmepumpe endå. Men du kan søka om støtte til ei anna bueining. 
  • For dokker som søkte om støtte i juli 2022, var det mogleg å få støtte til fleire varmepumper til same bueining. Dette gjeld enno.
  • Viss du fekk godkjenning for fleire varmepumper, må du senda inn éi utbetalingsmelding for kvar av dei. 

Fyll ut detteutbetalingsskjemaetog legg ved kvitteringane.

Ny frist for å senda inn utbetalingsmelding er 1.4.2023. Men jo raskare du får kjøpt og installert varmepumpa, desto raskare får du støtta. 

Får du bustøtte? 

Stavanger kommune vil også tilby ei eiga støtteordning til varmepumper for personar som får bustøtte. Detaljane for denne ordninga er ikkje på plass enno, så det vil ta noko tid før ho er tilgjengeleg. Oppdatert informasjon vil du finna på denne nettsida. 

Kvifor finst denne ordninga?

Innføringa av denne støtteordninga er eit klima- og miljøtiltak. Energi er ein viktig ressurs, og varmepumper er effektive for å redusera straumforbruket til oppvarming. Jo meir energi vi brukar, desto meir må forsyninga byggast ut. Det krev store ressursar og vil ofte føra til inngrep i naturen og i nærmiljø.

Støtteordninga blir finansiert av klima- og miljøfondet til kommunen, der inntektene frå piggdekk inngår.

Les meir

I tillegg til desse er det fleire byggevarehus som sel varmepumper, og som også kan visa til godkjende montørar.

Kontaktinformasjon

Innbyggerservice

Besøksadresse:

Olav Kyrres gate 23, 4005 Stavanger

Telefon:
51 50 70 90
E-post:
innbyggerservice@stavanger.kommune.no

Mandag–fredag kl. 08.30–15.00.

Du kan også treffe oss her:
Vikevåg: Asalveien 6
Judaberg: Judabergvegen 6.