PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Vil du rydda i friområde

Vil du rydda i friområde og på strender?

Kort fortalt

  • Du som ryddar må sørga for at avfallet blir levert vidare på rett måte.
  • Finn du så mykje når du ryddar i naturen at du ikkje har plass i din eigen avfallsbehaldar, kan kommunen hjelpa deg.
  • Ryddedugnadar på offentlege leikeplassar og i friområde må du avtala med kommunen på førehand. 
  • Viss du må sette igjen sekkar med avfall i friområda etter slike avtala dugnadar, melder du frå på VOF (Varsle om feil).

Information in other languages

Kva gjer eg med avfallet eg samlar inn?

  • Det beste er om du tar avfallet med deg heim og kastar det du ikkje kan sortera i behaldaren for restavfall.
  • Ved gjenvinningsstasjonane på Forus, Judaberg og Sele er det heile året gratis for privatpersonar å levera innsamla avfall som har drive i land på strender.   
  • Ved strandrydding kan det bli ein del avfall. Dersom du ryddar så mykje avfall at du ikkje får det med deg, lukk sekkane godt, sett dei ved ein offentleg avfallsbehaldar, og meld frå på VOF (Varsle om feil) Merk av i kartet og vel tema "Park/Uteområder/Strandrydding", "Søppel/forureining", og til slutt "Strandrydding".
  • Det må vera mogleg å komma til med bil eller båt der du set avfallet. Ryfylke friluftsråd hjelper kommunen med henting av marint avfall frå øyane.
  • Finn du større gjenstandar som du ikkje får rydda – elektronisk avfall, medisinrestar eller anna spesialavfall – meld frå på VOF.

Kvar får eg tak i ryddeutstyr?

  • Bruk gjennomsiktige sekkar til strandryddinga. 
  • Strandryddeutstyr kan hentast hos innbyggarservice i sentrum, på Judaberg og på Vikevåg.
  • Ryfylke friluftsråd har ryddeutstyr som som kan hentast i Gamle Jåttåvågen 67(puteboks som står på høgre side av bygget). Viss det er mange som skal ha ryddeutstyr er det lurt å senda ein e-post til kk@ryfri.no så lagar dei ein ryddepakke til dokker.
  • I alle friluftsområde som er markerte på karta til Ryfylke friluftsråd er det plassert ut miljøboksar med ryddeutstyr. Det er også plassert miljøboksar i Godalen og på Strømvig.

Lokale og nasjonale ryddeaksjonar 

ryddenorge.no kan du registrera området du ønskjer å rydda. På nettsida kan du også melda deg på andre ryddeaksjonane sine eller melda frå kvar det bør bli rydda. Du finn også informasjon om  kvar du kan levera avfallet du samlar inn. 

Du kan rydda heile året, og tradisjonelt er det veldig mange som ryddar om våren. Hugs at våren er hekkesesong for fuglar, og risikoen for å forstyrra hekkande fugl er stor mange stader. Ver derfor litt ekstra merksam om du skal rydda om våren, og vurdér om aksjonen bør utsetjast til hausten.

Du kan sjekka Miljødirektoratets digitale kart over hekkeområde og der det er ferdselsforbod her.

Dugnad, plukka ugras og rydde vegetasjon

Mange velforeiningar og burettslag ønskjer å arrangera dugnadar på kommunale leikeplassar og friområde. Det set Stavanger kommune stor pris på. Slike dugnadar må du avtala med kommunen på førehand. Då kan vi ta ei synfaring saman for å sjå på kva som skal gjerast, kor mykje som skal gjerast, korleis det skal gjerast og korleis kommunen kan bidra. Vi kan også betala for måling eller anna materiale som er nødvendig for å få eit godt resultat.

Dersom dugnaden gjeld vegetasjonsrydding, kan vi bestilla og betala konteinar, eller vi kan avtala henting av greiner og kvistar dokker legg på avtala stad, slik at dei er lette å henta.

Dugnadar som ikkje er til hjelp

Nokre dugnadar kan påføra naturen skade, og kommunen kan få meir etterarbeid enn om vi gjorde heile jobben sjølv. Dei vanlegaste feila er at 

  • greiner og kvistehaugar blir liggande i uorden der dei er kappa.
  • henting av fleire typar avfall og hentestaden ikkje er avklart med kommunen på førehand. 
  • tre blir klipt ned slik at dei sakte, men sikkert døyr.  

Kontakt kommunen før dugnad 

Du er også velkommen til å fjerna ugras på leikeplassen eller andre fellesområde i nærmiljøet ditt.

Sprøytemiddel skal ikkje brukast på dei kommunale områda.