Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Luftkvalitet

Luftkvalitet

Kort fortald

  • På kalde, klare og vindstille dagar kan det vere for mykje svevestøv og gassar i lufta. 
  • Når lufta er forureina, kjem helsesjefen med gode råd til folk som kan få helseproblem av dårleg luft.
  • Sjekk luftkvaliteten i Stavanger her.

Information in other languages

Luftkvaliteten i Stavanger no

denne nettsida kan du sjå luftkvaliteten rundt målestasjonane i Stavanger. Målingane skjer utan stans heile døgeret, og informasjonen blir automatisk oppdatert kvar time. 

Helseråd for risikogrupper

Helsesjefen rår akkurat no utsette grupper som kan få helseproblem av dårleg luft til å halde seg unna dei mest forureina områda.

Ved behov gir helsesjefen i kommunen råd til sårbare grupper i område med dårleg luftkvalitet.

Luftkvaliteten i Stavanger det neste døgeret

På kartet nedanfor kan du sjå korleis luftkvaliteten sannsynlegvis blir i dag og i morgon. Det er Miljødirektoratet som gir eit slags "generelt vêrvarsel" for luftkvaliteten for Stavanger. 

Råda frå helsesjefen tek utgangspunkt i dei faktiske målingane som blir gjort. Difor samsvarar dei ikkje alltid med denne prognosen. Varselet tek ikkje omsyn til dei store forskjellane det kan vere mellom lufta i til dømes Kannik og på Våland på kalde, klare dagar utan vind. Det viser heller ikkje effekten av ekstra reinhald av vegane, som kommunen og Statens vegvesen innfører på dagar med dårleg luft. 


Kva gjer kommunen når luftkvaliteten er dårleg?

Kommunen og Statens vegvesen set i gang ekstra reinhald av dei mest forureina vegane i og nær sentrum. Dette kjem i tillegg til at helsesjefen gir råd til utsette grupper. 

For å få varig betre byluft i Stavanger om vinteren, har kommunestyret innført fleire tiltak:

Stavanger kommune har sidan 1998 delteke i det nasjonale prosjektet «Betre byluft», der mellom anna òg Miljødirektoratet  deltek. Formålet er å få betre lokal luftkvalitet i byar ved å innføre ulike tiltak. Områda i Finnøy og Rennesøy, som var eigne kommunar fram til 1. januar 2020, er ikkje omfatta av prosjektet.

Kva kan du gjere for betre luftkvalitet?

  • La bilen stå og bruke buss eller tog
  • Køyre fleire i same bil i staden for éin i kvar bil
  • Bruke sykkel eller gå
  • Unngå bruk av dieselbil, om du kan
  • Bruke piggfrie vinterdekk
  • Fyre riktig i vedomnen, med god lufttilgang og fullstendig forbrenning. Hos brannvesenet får du gode tips om rett vedfyring. 
  • Følgje reglane for bålbrenning som gjeld i Stavanger.

Rapportar for luftkvalitet

Les eller last ned årsrapporten for luftkvalitet i Stavanger for 2019. (PDF, 1 MB)

Les eller last ned årsrapporten for luftkvalitet i Stavanger for 2018. (PDF, 2MB) 

Les eller last ned tiltaksutgreiing for Stavanger frå 2020 (PDF, 8,5 MB)

Les eller last ned kortversjon av tiltaksutgreiing 2020 (PDF, 2 MB)

 

Kontaktinformasjon

Miljørettet helsevern

Postadresse:

Pb. 8801 4068 Stavanger

Telefon:
51 50 22 00
E-post:
mhv@rogbr.no