Fogn barnehage
Om oss
Oppvekstbarnehagane Fogn, Ombo og Sjernarøy er tre små og unike barnehagar som saman utgjer ei felles verksemd i Stavanger kommune. Barnehagane er ein del av oppvekstsentera på øyane Fogn, Ombo og Sjernarøy, der barnehage og grunnskule (1.-7. trinn) er samla under same tak. Dette gir barna ein trygg og god samanheng i oppveksten, og legg til rette for eit nært samarbeid mellom dei ulike delane av oppveksttilbodet.
Etter kommunesamanslåinga mellom Finnøy og Stavanger i 2020 blei barnehagane organiserte som éi verksemd med felles leiing. Verksemdsleiar/rektor har kontor på Fogn, medan Ombo og Sjernarøy har eigne avdelingsleiarar. Fagleiar har ansvar for barnehagane på Fogn, Ombo og Sjernarøy. Organiseringa gir eit tett fagleg samarbeid på tvers av barnehagane gjennom felles planar, erfaringsdeling og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Sjølv om kvar barnehage har sitt eige særpreg, deler vi eit felles verdigrunnlag. Vi ønskjer å vere gode, trygge og omsorgsfulle vaksne for barna. Tryggleik er grunnlaget for trivsel, utvikling og læring, og er fundamentet for arbeidet vårt med omsorg, leik, danning og læring. Vi legg vekt på å skape inkluderande fellesskap der kvart barn blir sett, høyrt og verdsett for den dei er.
Den nære tilknytinga til lokalmiljøet og naturen rundt oss gir mange moglegheiter for opplevingar, utforsking og læring. Små barnegrupper og trygge relasjonar mellom barn og vaksne skaper gode føresetnader for trivsel, meistring og utvikling. I Oppvekstbarnehagane Fogn, Ombo og Sjernarøy arbeider vi kvar dag for å gi barna ein trygg, aktiv og innhaldsrik kvardag, der dei får utvikle seg i sitt eige tempo og oppleve gleda ved å vere ein del av eit fellesskap.
Telefonnummer til pedagogiske leiarar i barnehagen:
46370965 og 40659101
Nøkkelinfo per 15.12
Foreldretilfredshet per 15.12
Tabellen viser barnehagens gjennomsnitt i den nasjonale foreldreundersøkelsen for barnehager (Utdanningsdirektoratet). Skala 1-5, der 5 er best. Tall fra foreldreundersøkelsen 2026.
Info hentet fra Nasjonalt barnehageregister - https://nbr.udir.no/.