Tekststørrelse

PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Frivilligheit
  4. Handlingsplan frivilligheit

Handlingsplan frivilligheit

Oppdatert: 22.03.2021 12.51.18

Strategiplan for samhandling mellom frivillige og Stavanger kommune 2015-2018  vart vedteke i bystyret 2015. No skal ny plan utarbeidast. Dette vert ein handlingsplan som er tilpassa det nye plansystemet i kommunen.  

Planen skal tydeleggjere satsingsområde og prioriteringar som Stavanger kommune har for neste planperiode. Den skal vera eit brukarvenleg og nyttig verktøy for frivilligheita og kommunale verksemder. Planen skal definere konkrete tiltak som skal gjennomførast i planperioden. 

Aktiv medverknad vert vektlagd i arbeidet med den nye planen. Det er gjennomført gjestebod, dialogsamlingar, intervju og digitale verkstadar i 2020 og 2021. Planen vert sendt på høyring i mars 2021, med ein høyringsfrist 30. april. Planen skal til endeleg handsaming i Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog.

Slik arbeidar vi med planen

Gjeldande strategi er for perioden 2015-2018, og vi skal no i gang med ny handlingsplan. Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog vedtok oppstart på arbeidet på møte i juni 2020.

I løpet av sommaren 2020 vart det gjennomført 13 intervju med representantar frå store og små organisasjonar.

I løpet av september og oktober vart det gjennomført 16 interne og eksterne gjestebod.

For tida gjennomgår vi innkomne innspel. Desse skal kategoriserast og systematiserast før vi inviterer til dialogsamlingar der vi arbeidar vidare med innspela.

Her vart det arbeida med løysingsframlegg/svar på utfordringane som er identifiserte.

Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog skal handsama høyringsutkastet til handlingsplanen i møte 17.03.2021.

Sei meininga di om handlingsplan for frivilligheit

Fristen for å sende innspel er 30. april 2021

Meir informasjon: www.stavanger.kommune.no/frivilligheitsplan 

1. Oppstartsfase

Gjeldande strategi er for perioden 2015-2018, og vi skal no i gang med ny handlingsplan. Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog vedtok oppstart på arbeidet på møte i juni 2020.

2. Intervju

I løpet av sommaren 2020 vart det gjennomført 13 intervju med representantar frå store og små organisasjonar.

3. Gjestebod

I løpet av september og oktober vart det gjennomført 16 interne og eksterne gjestebod.

4. Gjennomgang

For tida gjennomgår vi innkomne innspel. Desse skal kategoriserast og systematiserast før vi inviterer til dialogsamlingar der vi arbeidar vidare med innspela.

5. Digitale verkstad

Her vart det arbeida med løysingsframlegg/svar på utfordringane som er identifiserte.

6. Politisk handsaming

Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog skal handsama høyringsutkastet til handlingsplanen i møte 17.03.2021.

7. Høyring

Sei meininga di om handlingsplan for frivilligheit

Fristen for å sende innspel er 30. april 2021

Meir informasjon: www.stavanger.kommune.no/frivilligheitsplan 

Arbeidsgruppe

  • Randi-Merete Lode, rådgjevar - randi-merete.lode@stavanger.kommune.no
  • Milena Suboticki, rådgjevar – milena.suboticki@stavanger.kommune.no
  • Atle Melangen, seksjonssjef frivilligheit - atle.melangen@stavanger.kommune.no
  • Tone Grønning, seniorrådgjevar - tone.gronning@stavanger.kommune.no
  • Martine H. Bologni, rådgjevar, Ungdom og fritid - martine.haarr.bolognini@stavanger.kommune.no
  • Stein Andreassen, rådgjevar, Kultur - stein.andreassen@stavanger.kommune.no
  • Geir Johansen, rådgjevar, Velferd og sosiale tjenester - geir.johansen@stavanger.kommune.no
  • Aina Hovden Lunde, rådgjevar, Park og vei - aina.hovden.lunde@stavanger.kommune.no
  • Aras Gaure, rådgjevar, Idrett - aras.gaure@stavanger.kommune.no
  • Jamal Mohamud, rådgjevar, Internasjonalt kulturnettverk - jamal.mohamud@solvberget.no
  • Line Møllerop, leiar Madla og Kvernevik frivilligsentral - lmollerop@stavanger.kommune.no

Prosess

Utfordringsbilete

Gjennomførte intervju og gjestebod har gitt oss ei brei innsikt i korleis det vert opplevd å drive med frivilligheit i Stavanger kommune i 2020. Noko av utfordringsbiletet vert forsterka av koronapandemien, mens den òg viser at frivilligheita i kommunen vår er robust og tek utfordringane på strak arm. Frivilligheita i kommunen er mangfaldig og tilbakemeldingane er at det vert opplevd som gjevande å drive slikt arbeid, kanskje spesielt nå.

Utfordringane der vert peika på i innsiktsarbeidet har vi samla i fem kategoriar:

  • Administrasjon og ressursar
  • Verktøy
  • Lokale og utstyr
  • Kompetanse
  • Samarbeid og møteplassar

Administrasjon og ressursar

  • Fragmenterte og kompliserte tilskotsordningar
  • Ikkje føreseielege tilskotsordningar
  • Vanskeleg å finne fram blant tilskotsordningar
  • For lite driftstilskot kontra prosjektmidlar
  • Treng økonomisk støtte til administrasjon
  • Manglande tilbakemelding på avslåtte søknadar
  • Utfordring å støtte opne aktivitetar samtidig som ein byggjer sterke lag og organisasjonar
  • Uklart kva som er prioriteringar og strategiske mål

Verktøy

  • Manglande oversikt over alle tilbod frå lag og organisasjonar
  • Manglande oversikt over alle tilbod frå kommunen
  • Tungvint å halde registrert informasjon om lag og organisasjonar oppdatert
  • Manglande/utilgjengeleg verktøy for koordinere ulike oppgåver
  • Kompleks kvardag der ein skal møte menneske på mange plattformar
  • God deltaking krev god praktisk tilrettelegging

Lokale og utstyr

  • Manglande tilgang til gratis lokale
  • Manglande tilgang til tilpassa lokale ved spesifikke behov
  • Sein kommunikasjon ved endring ved leie av lokale
  • Utfordring med lagring av utstyr
  • Viktig med tilgjengeleg billig/gratis utstyr

Kompetanse

  • Manglande kompetanse hjå tilsette i lag og organisasjonar
  • Manglande kompetanse hjå frivillige i lag og organisasjonar
  • Manglande oversikt over den kompetanse som finns i lag og organisasjonar
  • Mange usynlege oppgåver i lag og organisasjonar som krev kompetanse
  • Høg aktivitet krev tilsette
  • Frivillige krev opplæring for å betre kunne utføre oppgåver

Samarbeid/møteplassar

  • Vanskeleg å få til god kommunikasjon mellom kommune/lag og organisasjonar
  • Vanskeleg å vite kven ein skal vende seg både blant folkevalde og tilsette
  • Lite kontakt med ‘kommunen og dei’
  • Treigheit i det kommunale system
  • Skeivt maktforhold der makta ligg hjå administrasjonen og folkevalde
  • Retningslinjer bør vera så gode at det vert likehandsaming for alle
  • Manglande oversikt over lag og organisasjonar i kommunen
  • Konkurranse mellom lag og organisasjonar som tilbyr liknande aktivitetar og har same målgruppe
  • Tilskotsordningar og søknadsprosessar er ikkje tilrettelagt for samarbeid
  • Lag og organisasjonar kan samarbeide ennå betre på tvers
  • Lag og organisasjonar kan tenke meir heilskap i oppdrag og prosjekt
  • Lag og organisasjonar har behov for å verta sett og høyrd
  • Lag og organisasjonar har behov for tydelege og avklarte linjer for å få til eit godt samarbeid
  • Lag og organisasjonar vert seint involverte i prosessar
  • Utfordringar ved samhandling og involvering ved at lag og organisasjonar vert spurt om innspel, meiningar og utsegn frå fleire kantar – dårleg oppfølging i etterkant
  • Mangel på kunnskap om utfordringar i nærmiljøet
  • Usikkerheit blant frivillige fyrste gong

Løysingsframlegg

I denne fasa organiserte vi seks digitale verkstad for innbyggjarar, frivillige, tilsette og folkevalde i Stavanger kommune.

Informasjon om medverknad

Kartlegging av utfordringar:

Vi har gjennomført 13 intervju med representantar frå store og små organisasjonar, samt 16 eksterne og interne gjestebod.

Kartlegging av løysingar:

Vi har gjennomført seks digitale verkstader.

Sei di meining om Handlingsplan frvilligheit

Høyring av Handlingsplan frivilligheit for Stavanger kommune 2021-2025

Handlingsplan frivilligheit 2021-2025 er ei plattform for samarbeid og samspel mellom frivilligheita og kommunen. Gjennom planen vil me systematisera innsatsen på frivilligheitsområdet og vidareutvikle tiltak for samhandling mellom kommunen og dei frivillige.

Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog (UKIS) handsama høyringsutkastet 17. mars 2021 og vedtok å sende det på høyring.

Dokumenta finn du elektronisk her.

Fristen for å sende innspel er 30. april 2021.

Send innspela dine til Stavanger kommune, postboks 8001, 4068 Stavanger, eller til postmottak.ios@​stavanger.kommune.no. Marker innspelet ditt med «handlingsplan frivilligheit 2021-2025».

Kven kan sende innspel til planen?

Alle som ynskjer det kan gje tilbakemelding på planforslaget. Innspelet må vera skriftleg og innehelde fullt namn. Alle innspela blir lagde fram til politisk behandling når planen skal godkjennast, etter høyringa. I saka vil det koma fram korleis administrasjonen har vurdert kvart innspel.

Kommunen svarer på innspela gjennom den politiske handsaminga.

Vidare handsaming av saka
I høyringsrunden skal handlingsplanen handsamast i fleire politiske råd og utval. Det er Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog som endeleg vedtek planen etter høyringsrunden.

 

Innhold Lukk