Meld frå om beiteareal som kan omregistrerast til dyrka jord
Har du beiteareal som du meiner er jamne og ryddige nok til å kunne haustast med maskin ifrå gammalt av? Då kan det vere aktuelt å få desse omregistrerte som overflatedyrka jord. Landbrukskontoret har no laga eit spørjeskjema der du kan melde frå om slike areal.
Kvifor omregistrere?
Omregistrering kan gi fleire fordelar:
- Høgare fosforgrense ved gjødsling
- Arealet er ikkje søknadspliktig som spreieareal
- Høgare sats for arealtilskot
Vi oppmodar alle som har innmarksbeite i kommunen om å lese grundig gjennom skjemaet og vurdere om dette kan vere aktuelt for dykk.
Klikk her for skjema om innmelding og meir informasjon