Etablering av nytt innmarksbeite
Vurderer du å etablere innmarksbeite, anten etter hogst i skog eller på anna markslag? Slike tiltak krev både planlegging og kjennskap til regelverket. Her får du ei oversikt over det viktigaste du bør vere merksam på før du set i gang.
Regelverket
Oppgjødsling
For å etablere innmarksbeite krevst det ofte ein periode med oppgjødsling før kulturgras eller beitetolande urter er konkurransedyktige nok til at arealet kan oppfylle krava til innmarksbeite. For å få tidsavgrensa løyve til å gjødsle areal som ikkje er dyrka jord eller godkjent spreieareal i innmarksbeite, må ein søkje om dispensasjon frå kommunen etter forskrift om lagring og bruk av gjødsel § 32.
Søknadsprosessen
I Stavanger kommune kan du søkje om dette ved å sende e-post til postmottak@stavanger.kommune.no.
Søknaden må innehalde ein oppgjødslingsplan utarbeidd av nokon med spesialkompetanse innan agronomi og gjødsling. Det finst fleire rådgjevingsorganisasjonar og enkeltpersonføretak som tilbyr slike tenester.
Oppgjødslingsplanen skal byggje på feltundersøkingar av området og jordprøver, og skal innehalde ein tidsavgrensa plan for gjødsling, rekkjefølgje og mengder av innsatsfaktorar, eventuelt såtidspunkt og andre tiltak. Planen må òg innehalde ei vurdering av kultur- og naturverdiar i området og kva for belastning oppgjødslinga og arealendringa kan påføre landskapet. Det skal vidare leggjast vekt på behovet for å etablere innmarksbeite slik det er søkt om.
Tiltak for å etablere
Kva som trengst for at eit beite skal kunne etablere seg, vil variere frå stad til stad. Men, her kjem nokre vanlege tiltak som gjeld for kulturlandskapet i Noreg.
Inngjerding
For å lukkast med beite må skog og kratt fjernast, og området gjerast klart for grasvekst. Tidleg inngjerding er avgjerande for å styre beitetrykket og hindre at lauvkratt tek over før beitet er etablert. Ved gradvis hogst kan beitedyr sleppast til etter kvart, noko som reduserer oppslag av krattskog.
Framkome
Kulturbeite er ofte bratt og vanskeleg tilgjengeleg med maskiner. Enkle vegar i området gjer arbeidet meir effektivt og kan samstundes fungere som drenering. Vegbygging kan vere kostbart, og løysingane bør planleggjast godt på førehand.
Meldeplikt
All skog i kommunedelane Finnøy og Stavanger - unnateke Ombo - er vernskog. Planlegg du å drive hogst i desse områda, har du meldeplikt for hogst:
Såfrø
Såing bør skje raskt etter hogst medan jorda er open. Grasartar som raigras, rapp, kvein og kvitkløver er best eigna. Raigras gir rask etablering, medan rapp og kvein gir meir varig beite. Frøblanding må tilpassast klima og region.
Kalking og gjødsling
Mange skogsområde har sur jord og treng kalk for å etablere eit beite. God kalking er føresetnad for at gras og kløver skal trivast. Tiltaket må gjentakast etter nokre år for å halde pH på rett nivå.
Nye beite treng og næring for å etablere seg godt. Husdyrgjødsel er svært effektiv og kan styrkja jordlivet.
Ugras og kratt
Rett beitetrykk er det viktigaste tiltaket mot ugras og kratt. Tidleg beiting og kombinasjon av dyreslag gir best effekt. Nokre artar krev mekanisk fjerning og meir fokusert skjøtsel.