Stavanger er framleis best førebudd på eit villare og våtare klima
For tredje gong er Stavanger kommune kåra til landets mest klimatilpassa kommune.
Stine Bjerga Haga studerer det 5,5 meter lange flaumvernet.
– Her er han! Han er jo litt kul!
Stine Bjerga Haga viser stolt fram spunten i Stavanger sentrum. Ein 5,5 meter lang rusten stålvegg, midt i blomsterbedet mellom tre, blomar og ivrige sporvar.
– Dette er starten på eit flaumvern som skal skjerme sentrum mot stormflo og stigande havnivå, fortel ho.

Haga jobbar med beredskap og samfunnstryggleik i Stavanger kommune. Ein viktig del av arbeidet hennar er å gjere kommunen betre rusta for meir krevjande vêr.
– Havet stig, og det kjem til å stige endå meir dei komande åra. Difor må vi førebu oss no.
Dette er berre eitt av tiltaka kommunen får ros for. For tredje gong er Stavanger kåra til landets mest klimatilpassa kommune, ifølgje Ekstremvêrrapporten frå If for 2025.
– Stavanger kommune har god erfaring med å handtere store vêrhendingar, og det er tydeleg at desse erfaringane har bidrege til det solide arbeidet som er gjort – både politisk og administrativt, seier Line Gjengedal Ruud, nordisk leiar for skadehandtering i If.
– God politisk forankring og tydeleg organisering er blant suksesskriteria, held ho fram.
Saman med klimaforskningssenteret CICERO har dei vurdert korleis norske kommunar er førebudde på klimaendringar og meir ekstremvêr. Og Stavanger har sitt på det tørre – kommunen får full pott med 33 av 33 poeng.
– Det er ei veldig kjekk anerkjenning å få! Det viser at vi tek framtidas utfordringar på alvor og førebur oss på det som kjem, seier Haga.
Her kan du lese heile vurderinga og rapporten.
Grøne tiltak blir prioriterte
Haga meiner også at kravet om grøne løysingar i alle kommunale prosjekt har vore avgjerande for at kommunen igjen toppar lista.
– Vi gjer mykje rett, og slike tiltak er godt forankra i heile kommunen. I alle prosjekta våre vurderer vi til dømes om vi kan plante fleire tre, etablere regnbed eller bruke dekke som lèt vatnet trekke ned i bakken i staden for å samle seg på overflata. Naturen si evne til å bremse og suge opp vatn er eit viktig verktøy i klimatilpassinga.
Stavanger kommune har også kartlagt korleis ekstrem nedbør vil påverke vegar, bygg og samfunnskritisk infrastruktur som sjukeheimar, barnehagar og skular.
– Skybruddsplanen er eit viktig verktøy for oss. Den hjelper kommunen og utbyggjarar med å utvikle byen i takt med eit stadig villare og våtare klima. Gjer vi gode tiltak no, vil vi kunne redusere skadeomfanget når kraftige styrtregn kjem.
Haga ser utover kaia ved Kjerringholmen. Her kan det bli bygd ei tett barriere langs hamnefronten – ei nedgravd stålkonstruksjon, ein spuntvegg, som går 4–6 meter ned i sjøen og stikk 50–80 cm opp frå bakken.

– Vi ser føre oss at heile sentrumshalvøya blir verna mot havet i framtida.
– Spuntveggen vi har bygd no, gir oss i alle fall eit godt grunnlag for vegen vidare.
Stine Bjerga Haga
fagkoordinator for klimatilpasning i Stavanger kommune
- Mobil:
- 415 69 022
- Telefon:
- 51 50 81 86
- E-post:
- stine.bjerga.haga@stavanger.kommune.no