PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Nyheter
  3. Idrettens ildsjelpris 2026

Idrettens ildsjelpris 2026

Britt Eli Pedersen frå Stavanger Bryteklubb er tildelt prisen Idrettens ildsjelpris 2026.

Bilde fra prisutdelingen

Prisvinnar Britt Eli Pedersen saman med ordførar Tormod W. Losnedal og varaordførar Henrik Halleland

Prisen blei overrekt av ordførar Tormod W. Losnedal under eit arrangement på Tou måndag 12. januar.

Under tilstelninga ble og ei rekke idrettsutøvarar heidra for sigrar i norske og utanlandske meisterskap i 2025. Last ned og les heile lista (PDF)

– Eg blei veldig overraska over å få prisen. Vi er mange i Stavanger som arbeider for idretten på ulike måtar. Det er stor stas å bli vald ut blant mange andre, seier Britt Eli Pedersen.

Juryen trekkjer fram at Pedersen brenn for å inkludera alle, og at ho arbeider spesielt for rekruttering av jenter til bryteidretten.

– Det er særleg hyggeleg å få denne prisen rett i etterkant av helgas NM i bryting, der det unge talentet Melina Samsonsen frå Stavanger Bryteklubb sikra seg NM-gull og kongepokal, seier Pedersen.

Årets Ildsjelpris blir tildelt ein person som har bidrege og vist eit sterkt engasjement for idrettslaget sitt i over 20 år, og som er ein aktiv pådrivar for idretten både lokalt og nasjonalt.

Juryen skriv elles i si grunngjeving at Britt Eli Pedersen har hatt dei fleste rollene i klubben, som styreleiar/styremedlem og hovudtrenar. Ho er også styremedlem i Norges Bryteforbund. Pedersen er grunnleggaren av idrettslaget som representerer ein idrett som ikkje fanst i Stavanger før ho starta idretten og laget. Juryen framhevar at prisvinnaren bruker svært mange timar kvar veke på idrettslaget som trenar og nestleiar. Ho bruker også helger og feriar til å følgja utøvarar på konkurransar i inn- og utland.

Delt ut for 16. gong

Idrettens ildsjelpris blei første gong delt ut i 2010, og årets tildeling var den 16. i rekka. Prisen blir delt ut av Stavanger kommune og idrettsrådet, på vegner av heile idretten i Stavanger. Vinnaren av ildsjelprisen mottar ein sjekk på kr 25 000 og eit synleg heidersbevis i form av eit diplom.

Norske og internasjonale meistrar 2025

Hedda Haldorsdottir og Willam Thomas Middelthon representerer Stavanger roklub og vant begge 2xNM-gull i 2025.
Hedda Haldorsdottir og Willam Thomas Middelthon representerer Stavanger roklub og vann begge 2xNM-gull i 2025.

Bea Hovda fra Stavanger svømmeklubb sikret seg 13xNM-gull, seks kortbane og syv langbane i 2025.
Bea Hovda frå Stavanger svømmeklubb sikra seg 13xNM-gull, seks kortbane og syv langbane i 2025.

 

Fra Stavanger kajakklubb deltok Roman Shevchup Stetsyshyns, som tok 2xNM-gull surfski singel og dobbel, og Arnt Aasland som sikret seg NM-gull surfski dobbel i 2025.
Frå Stavanger kajakklubb deltok Roman Shevchup Stetsyshyns (til venstre), som tok 2xNM-gull surfski singel og dobbel, og Arnt Aasland som sikra seg NM-gull surfski dobbel i 2025.