Haustens vaksiner
I veke 42 kjem influensa-, korona- og pneumokokkvaksinene til Stavanger kommune. Kontakt fastlegen din for time.
Denne nyhetssaken er mer enn en måned gammel. Innholdet kan derfor være foreldet eller ikke oppdatert.
Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.
VAKSINER: Haustens vaksiner er tilgjengelege frå uke 42.
Nytt i år er at det 1. juni blei innført eit nasjonalt vaksinasjonsprogram for vaksne. Tre vaksiner tilbys i dette programmet:
- Influensavaksine: For alle over 65 år og yngre i risikogrupper.
- Koronavaksine: Alle over 65 år og yngre i risikogrupper kan få oppfriskningsdose mot covid-19 i vaksenvaksinasjonsprogrammet. FHI anbefaler elles oppfriskningsdose til dei som er over 75 år og yngre i risikogrupper.
- Pneumokokkvaksine: Alle som fyller 65 år i 2025 kan få vaksine mot pneumokokk (lungebetennelse).
Les mer på kommunen si nettside om vaksiner og smittevern.
Kontakt fastlegen din og bestill time dersom du vil ta influensa-, covid- og pneumokokkvaksine. Influensavaksinen kan du òg få sett på apotek.
Du må betale for alle vaksinane. Koronavaksinen er ikkje gratis lenger, men gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet får du redusert pris. Du får ikkje dekt vaksinekostnader med frikort.
Dei som er fødd i 1960 får pneumokokkvaksinen til redusert pris som ein del av vaksenvaksinasjonsprogrammet. Alle andre må betale full pris.
Prisliste
- Influensavaksine hos fastlegen koster 310 kroner. Apoteka har eigne prisar.
- Covid-19 (korona)-vaksine koster 110 kroner hos fastlegen. Har du ikkje fastlege, kontakt smittevern- og vaksinasjonstjenesten.
- Pneumokokkvaksine koster 110 kroner i vaksenvaksinasjonsprogrammet hos fastlegen.
Les meir om vaksinane i vaksenvaksinasjonsprogrammet på FHI.no