1. Hjem
  2. Politikk
  3. Valg
  4. Folkeavstemming på Sjernarøy

Folkeavstemming på Sjernarøy

Stavanger bystyre har fatta vedtak om å halda ei rådgjevande folkeavstemming om hovudmål ved Sjernarøy oppvekstsenter. Folkeavstemminga skal vera i forbindelse med stortings- og sametingsvalet 2025.

Bilde av Sjernarøy oppvekstsenter

Det er lagt opp til ei rådgjevande folkeavstemming, jf. § 12-2 i kommunelova. Etter valet vil det bli lagt fram ei sak til bystyret, der det endelege vedtaket om hovudmål ved Sjernarøy oppvekstsenter skal avgjerast. Bystyret har ikkje plikt til å følgje det rådet veljarane gjer gjennom valet.

Kven kan stemme?

  • Dei som høyrer til Sjernarøy valkrins
  • Føresette til elevar på skulen per 01.08.2025 som ikkje bur i valkrinsen
  • Stemmealder er 16 år

Når kan ein stemme?

  • Ein kan førehandsstemme frå og med måndag 11. august til og med fredag 5. september
  • Valdagane er sundag 7. september og måndag 8. september

Kor kan ein stemme?

I førehandsstemmeperioden:

  • Valbrakka på torget i Stavanger sentrum
    • måndag til fredag kl. 10.00 - 18.00
    • laurdag kl. 10.00 - 17.00
  • Innbyggjartorget på Finnøy og Rennesøy måndag til fredag kl. 08.30 - 15.00

På valdagen vil det kun vera mogleg å stemme på Sjernarøy og Finnøy:

  • Finnøy fleirbrukshall
    • sundag 7. september kl. 15.00 - 20.00
    • måndag 8. september kl. 10.00 - 21.00
  • Sjernarøy oppvekstsenter måndag 8. september kl. 13.00 - 19.00

Kva skal ein ta stilling til?

  • Vil du ha nynorsk som hovudmål ved Sjernarøy oppvekstsenter?

eller

  • Vil du ha bokmål som hovudmål ved Sjernarøy oppvekstsenter?

Kva konsekvensar vil dette få?

Ei eventuell endring av hovudmål vil fyrst tre i kraft frå skuleåret 2026/2027. Det betyr at elevar på 1. til 7. trinn i det skriftlege arbeidet skal bruke det skriftspråket som kommunen har vedteke som hovudmål for skulen. 

Stemmeseddel

Du finn stemmeseddel til folkeavstemminga her. 

Kontaktinformasjon

Martha Rødde er valgansvarlig i Stavanger kommune

Martha Rødde

seniorrådgiver/valgansvarlig

Mobil:
402 01 305
Telefon:
51 50 72 34