Finnøy helse- og omsorgssenter
Kontaktinfo alle avdelinger
- Avdelingsleiar langtidsavdelingar og bofellesskap for eldre: 51 71 47 52
- Avdeling Kielland: 51 71 47 56
- Avdeling Hauge: 51 71 47 66
- Bofellesskap Finnson: 51 71 47 68
- Bofellesskap Regelstad: 51 71 47 53
- Avdelingsleiar heimesjukepleie og korttidsavdeling: 51 71 47 54
- Korttidsavdeling Abel: 51 71 47 55
- Kjøkken: 51 71 47 58
Finnøy helse- og omsorgssenter
Finnøy helse- og omsorgssenter består av langtidsavdelinger, korttidsavdeling, bofellesskap for eldre og heimesjukepleie.
Dagsenteret tilbyr sosialt samver, rehabilitering/habilitering og ulike aktiviteter tilpassa den einskilde sine moglegheiter og ønsker.
Fysio- og ergoterapiavdelingen på Finnøy tilbyr tenester på senteret. Du finn meir informasjon om kva dei tilbyr og korleis du kan søka.
Informasjon om hjelpemiddel finn du her.
Hos helse- og velferdskontoret kan du få råd, veiledning og søke om helse-, omsorgs- og sosialtenester.
Kiellandtunet og Haugetunet
Vi har 17 langtidsplasser hos oss. Ni på Kiellandtunet og åtte på Haugetunet. Haugetunet er tilrettelagd for personar med demenssjukdom.
Abeltunet
Abeltunet er ei korttidsavdeling med sju plassar.
Regelstadtunet og Finnsontunet
Bofellesskap for eldre har til saman 16 leiligheiter. Finnsontunet ligg 1. etasje og Regelstadtunet ligg i 2. etasje. Avdelingane har fast personal hele døgeret. I omsorgsbustaden kjem ein inn under fastlegeordninga, og vil få enkeltvedtak på dei tenestene ein har behov for.
Alle bustadene har eiga stove med utgang til ein liten terrasse, soverom og bad m/toalett. Leilegheita kan møblerast etter eige ønske. Avdelingane har fellesstove og spisestove som alle kan bruke. Brukarane betaler husleige og kostpengar, og får alle måtida servert om ein ønsker det.
Heimesjukepleie og heimehjelp
Heimesjukepleien gir helsetjenester til heimebuande. Heimehjelp gir praktisk hjelp i heimen til heimebuande.
Hos helse- og velferdskontoret kan du få råd, veiledning og søke om helse-, omsorgs- og sosialtjenester.
Tilbod og aktivitetar på Finnøy helse- og omsorgssenter
Fellesaktivitetar
- felles turar, sittedans mm. i regi av Frivilligsentralen
- gudsteneste annankvar onsdag, møte i regi av bedehuset annankvar søndag
- musikkstund i regi av kulturskulen
- bingo på aktivitetsstova
- besøk frå barnehagen
Fotterapeut
- Onsdag klokka 09.00 - 15.00, timebestilling: 97520750
Frisør
- Måndag klokka 10.00 - 12.00 og torsdag klokka 09.00 - 13.00
Tilbod fra kjøkkenet
Kjøkkenet er ansvarleg for levering av mat til Finnøy helse- og omsorgssenter (sjukeheimen), og for produksjon av middag til heimebuande som har behov for dette. Når det er ledig kapaistet kan kjøkkenet ta på seg eksterne oppdrag.
Kjøkkenet er lokalisert i underetasjen i Finnøy helse- og omsorgssenter. Det aller meste av middagen vert laga frå botnen av, også rundstykke, kaker og annan kaffimat.
Kjøkkenet leverer også varm middag til heimebuarar etter avtale med heimesjukepleia, og spesialkost om nokon treng det.
Kjøkkenet er ope måndag–fredag, slik at i helgene vert middagen varma på kvar avdeling. Det vert også laga mat til møter, kurs og liknande på rådhuset.