Tekststørrelse

PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Nyheter
  3. 57 kunstnarar og kulturarbeidarar får arbeidsstipend

57 kunstnarar og kulturarbeidarar får arbeidsstipend

Stavanger kommunes kulturavdeling deler i dag ut 57 arbeidsstipend for til saman 1 ,77 millionar kroner.

Kultursjef Arnfinn Bjerkestrand

Kultursjef Arnfinn Bjerkestrand

- Det har aldri tidlegare vore så stor bredde blant søkarane til ei stipendordning i kommunen, seier kultursjef Arnfinn Bjerkestrand.

Han er glad for at kommunen har klart å legge inn nærmare 1,8 millionar kroner til eit hardt ramma kulturliv.

Verkemidla

- Me har brukt dei verkemidla me har for å hjelpe. Nær halvparten av søkarane får eit stipend på minst 20 000 kroner. Dette dekker ikkje behovet, seier kultursjefen, men vi håper likevel at tildelingane vil bidra til at profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar i Stavanger kan utvikle sin kunstnariske produksjon i 2020.

Mange interessante prosjekt

Det blei søkt om 6,1 millionar kroner, og når potten var på nærmare 1,8 millionar, er kultursjefen forberedt på at nokon kan bli skuffa.

- Nå gleder vi oss likevel over at det her er mange interessante prosjekt som skal utviklast, og som ser vi fram til å sjå resultata av, seier kultursjef Arnfinn Bjerkestrand.

Fordeling på felta

Tildelingane er fordelt på 10 stipend á 50 000, 22 stipend á 35 000 og 25 stipend á 20 000, og fordeler seg slik på felta:

  • Visuell kunst: 21 stipend
  • Musikk: 17 stipend
  • Scenekunst: 8 stipend
  • Litteratur/ytringsfridom: 3 stipend
  • Film: 6 stipend
  • Anna: 2 stipend

Sjå heile lista (PDF)

Fakta om stipendordninga

Stavanger kommune styrka budsjettet for kulturstipend i 2020 for å støtte sårbar kunstnarøkonomi under koronapandemien. Midlertidig stipendordning blei lyst ut 29. juni med søknadsfrist 10. august.

Ordninga gjaldt for profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar som ikkje er blitt ivaretatt av eller har kvalifisert for andre støtteordningar retta mot konsekvensar av koronapandemien. Stipendordninga er utvikla i tett samspel med kulturlivet, der medlemsorganisasjonane BKFR, Creo, DansiS, Rogaland Forfattarlag og STAR har gitt innspel til utforming av ordninga.

136 søknader

Det kom inn 136 søknader, og samla søknadssum var 6 153 543 kroner. Flest søkarar var det innan felta visuell kunst og musikk.

Ved tildeling av stipend er det prioritert å støtte frikjøp av arbeidstid for arbeid med kunstnarisk produksjon, utvikling av nye prosjekt og/eller kompetanseheving. Vidare er støtte til leie av studio/atelier og innkjøp av naudsynt utstyr/materiell til arbeid med kunstnarisk produksjon prioritert.

I denne tildelingsrunden har det ikkje vore rom for å prioritere reiser eller utstyr som ikkje er vurdert som naudsynt for tiltaket det er søkt om. Dette på grunn av Covid-19-restriksjoner knytta til reiser og budsjettmessige årsaker.

Med den budsjettramma som var disponibel, er det lagt vekt på kunne tildele stipend av eit visst omfang slik at tiltak kan bli gjennomført.

Dei prioriterte tildelingane er gjort av kulturavdelinga i tråd med formål og kriterium for stipendordninga.

Sjå heile lista

Kontakt: 

Kultursjef Arnfinn Bjerkestrand, 91684281