Tekststørrelse

PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Nyheter
  3. Gode økonomiske resultat i eit år med uvisse prognosar

Gode økonomiske resultat i eit år med uvisse prognosar

Det første året etter kommunesamanslåinga med Rennesøy og Finnøy vart prega av koronapandemien. Trass i pandemien har Stavanger kommune levert gode og forsvarlege tenester til innbyggjarane – takka vera ein uvurderleg innsats frå medarbeidarar, leiarar og politikarar i kommunen.

Denne nyhetssaken er mer enn en måned gammel. Innholdet kan derfor være foreldet eller ikke oppdatert.

Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.

– Stavanger kommune har gode økonomiske resultat i eit år med uvisse prognosar, seier kommunedirektør Per Kristian Vareide.

Årsrapporten for Stavanger kommune er no lagd fram.

Kommunen fekk eit netto driftsresultat på 448 millionar kroner. Dette svarer til 3,8 prosent av driftsinntektene og er betydeleg høgare enn det budsjetterte netto driftsresultatet, som var på 0,8 prosent. Årsakene er utsette oppgåver, lågare pensjons- og lønnsoppgjer og høgare skatteinntekter og statlege koronakompensasjonar, som kom på slutten av året.

Eit utfordrande første år for nye Stavanger kommune

2020 er historisk - det første året for nye Stavanger kommune. Den nye kommunen er den fjerde største byen i landet, regionsenter og energihovudstad. I tillegg er den ein av dei viktigaste kommunane i landet innan landbruk, havbruk og reiseliv.

Koronapandemien vart utfordrande for det lokale næringslivet, spesielt innan servicenæringane og reiseslivsbransjen. Dette skapte igjen fare for eit vesentleg inntektsfall og skattesvikt i kommunane. Nokre næringar har teke seg opp igjen, og saman med gunstige statlege ordningar trygga dette skattegrunnlaga i kommunane på kort sikt.

Arbeidsløysa i Stavanger stabiliserte seg ved utgangen av desember 2020 på eit litt høgare nivå enn året før.

– Koronapandemien vil prega både samfunnet, næringslivet og kommunen i heile 2021, men vil truleg òg gi langsiktige effektar, seier kommunedirektøren. Det er for tidleg å fastslå dei langsiktige verknadene av pandemien, men desse vil komma i tillegg til utfordringane knytte ein aukande del eldre i befolkninga.

Årsrapporten for 2020 vil bli behandla i formannskapet 29. april og kommunestyret 31. mai.

 

Kontaktpersonar for media:

Kommunedirektør Per Kristian Vareide, mobil 930 12 291
Direktør økonomi og eigarskap Kjartan C. Møller, mobil 900 80 756
Økonomisjef Hilde Vikan, mobil 917 72 433