Tekststørrelse

PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Nyheter
  3. Hundrevis av frivillige vil ha heile kommunen med på tur

Hundrevis av frivillige vil ha heile kommunen med på tur

Søndag 2. februar inviterer Stavanger kommune til familiedag på Fjøløy, for å feire at vi er blitt ein ny og betre kommune. Onsdag 5. februar går turen til Sørmarka og torsdag 13. februar til Teigen på Finnøy. «Heile kommunen på tur» har som mål at innbyggjarane skal bli kjend med den nye kommunen og det som rører seg i han.

Turgåere på Fjøløy

Foto: John Petter R. Nordbø

Troll i skogen og seglbåt på land

Arrangementa passer for heile familien og dei er heilt gratis. Hundrevis av frivillige sørgjer for at det blir aktivitetar for store og små, underhaldning og moglegheit til å grille eller kjøpe seg mat. Det kan òg hende du støter på eit lite troll eller ein alv i skogen, og om du vil kan du få segle – ikkje utan vind, men utan vatn…

Meir informasjon om arrangementa og korleis du kjem deg dit finn du på stavanger.kommune.no/heilekommunen

Hundrevis av frivillige i sving

Det er Stavanger turistforening og Vesterlen krets som har ansvaret for sjølve avviklinga av arrangementa, men med seg har dei ei rekkje lag og organisasjonar frå heile kommunen. Fleire hundre frivillige kjem til å vere i sving desse tre dagane.

– Vi vil at innbyggjarane skal få sjå det fanstastiske frivillige engasjementet vi har i kommunen vår. Frå gammalt av har dugnadsånda stått sterkt her, særleg i distrikta, fordi folk har vore gjensidig avhengig av kvarandre. Veier, grendahus, kyrkjer og idrettsanlegg har vorte bygde på dugnad. I denne kulturen ligg det viktige verdiar som Stavanger kommune må ta vare på, seier Atle Melangen, som er seksjonssjef for frivilligheit i Stavanger kommune.

Dei frivillige organisasjonane kjem frå heile kommunen, og representerer eit bredt spekter i det frivillige tilbodet.

Tre arrangement

Dei tre arrangementa er lagt til ulike dagar og ulikt klokkeslett, slik at det skal passe for flest mogleg:

Søndag 2. februar: Fjøløy fort - 11.00-15.00

Tirsdag 5. februar: Sørmarka, ved Ullandhaugtårnet - 17.00-20.00

Torsdag 13. februar: Teigen friluftsområde på Finnøy - 17.00-20.00

Jente med lykt
Foto: Marius Vervik

Her er noko av aktivitetane du kan få med deg på turane:

  • Klatring
  • Speiderleir med speideraktivitetar
  • Karusell for barn
  • Test ein seglbåt - på land
  • Natursti
  • Forsøpling - tips til kva vi kan bidra med
  • Utleige av friluftsutstyr - Frilageret viser fram noko av det dei har
  • Åpen kafe
  • Varme grillar

------

Kontaktpersonar for media:
Seksjonssjef Atle Melangen, 909 87 547
Kommunikasjonsrådgivar Tove Sæther Hagland, 481 13 712